Hopp til innhold

Sognebønder på "sytebane"

Om lag 30 bønder frå Vik og Balestrand brukte søndagen til å lufte frustrasjonen mot Staten etter brotet i jordbruksforhandlingane.

Sognebønder på "sytebane"

SAMLA I FRUSTRASJON: 'Bønder er bra, blide og glad - men løn må me ha' står det påplakaten.

Foto: Susanne Nordheim Vigdal

Dei møttest på ei provisorisk "sytebane" med ein dertil eigna "sytebenk" i Vetlefjorden.

Eivind Hatlem på "sytebenk"

Eivind Hatlem på den provisoriske 'sytebenken'.

Foto: susanne Nordheim vigdal

– Brot det einaste rette

– Vi fann ut at det var best å få ut frustrasjonen i kontrollerte former, og vi bad lokalbefolkninga om å søke dekning. Vi var så lei oss for at regjeringa tvinga fram eit brot med det dårlege tilbodet sitt, seier Renate Rendedal, som er leiar i Balestrand Bondelag.

– For neste generasjon bønder

Ho seier at det var mykje frustrasjon og knekte håp som måtte ut, og dei frammøtte bøndene var samde om at brot i forhandlingane var det einaste rette.

– Dette gjer vi for det framtidige landbruket, for neste generasjon bønder. Vi må ha ein inntektsauke dersom vi skal få rekruttering i næringa.

Bønder i Vik og Balestrand samla

PLANLEGGING AV AKSJONAR: Bøndene i Vik og Balestrand møttest innandørs for å snakke om framtidige aksjonar.

Foto: Susanne Nordheim Vigdal