Hopp til innhold

No kan du oppleve Fjærland gjennom PC-skjermen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

No kan du verte med NRK Sogn og Fjordane på biltur gjennom vakre Fjærland – framfor din eigen pc.

Vi festa eit kamera på bilen til frilansfotograf Truls Kleiven. Resultatet er blitt ein drygt 21 minuttar lang biltur der du frå framsetet får vere med gjennom sentrum i turistbygda og opp til Fjærlandstunnelen på riksveg 5 ved Bøyabreen – minutt for minutt.

Vakkert landskap

Deler av turen er krydra med musikk og litt faktaopplysningar om bygda.

- Dette er ikkje noko forsøk på å kopiere suksessen med sendinga frå Hurtigruta. Dette er berre eit artig forsøk på å syne litt av det vakre landskapet Sogn og Fjordane har å by på. Vi har gjort opptak av andre turar som vi kjem til å publisere om ikkje lenge.

Det fortel redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske i NRK Sogn og Fjordane.

Spent på responsen

Han er spent på korleis «bilturen» vert motteken av lesarane. Vert responsen god, utelukkar han ikkje at det vert fleire turar. Raasholm Fauske trur både dei som har vore i bygda og dei som framleis har det til gode vil ha glede av turen.

- Fjærland er ei vakker oppleving – også gjennom PC-skjermen, seier redaksjonssjefen.