Hopp til innhold

- Manglar litt på dømmekrafta

Jacob Nødseth manglar litt på dømmekrafta og bør ikkje nominerast til stortingsplass, seier fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen.

Arve Mjømen og Jacob Nødseth

FÅR IKKJE STØTTE: Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, ønskjer ikkje at Jacob Nødseth skal få plass på partiet si stortingsliste.

Foto: Montasje: Høgre/Oddleif Løset/NRK

Eit knapt fleirtal i Flora Høgre gjekk torsdag kveld inn for å gje Nødseth plass på partiet si stortingsliste. Men fylkesleiaren i Høgre vil ikkje støtte opp om dette.

– Nei, eg gjer ikkje det.

– Det er noko som heiter etikk og. Ein kan seie at det politiske talentet til Jacob er uomstridd, men det manglar litt på dømmekrafta slik eg ser det, seier Mjømen til NRK.no.

Har lenge storma rundt Nødseth

Då Flora Høgre møttest i går gjekk eit fleirtal av medlemene inn for at Jacob Nødseth framleis skal ha plass på stortingslista til fylkespartiet.

På førehand var det venta kamp om kven Flora Høgre skulle nominere som kandidatar til fylkespartiet si stortingsliste, dette fordi det har storma rundt Nødseth i lengre tid.

I lengre tid har Nødseth vore omstridd i partiet, ikkje minst etter striden med partifellen Embla Belsvik.

Nødseth skal mellom anna truga med å øydeleggje den politiske karrieren til Belsvik og sendt tekstmeldingar som ungdomspolitikaren har oppfatta som sjikanerande. Saka vart teken opp i Flora Høgre, og Nødseth fekk kraftig kritikk.

I etterkant av dette kom det også fram at Nødseth ikkje skulle ha verv på fylkesplan, medan at han heldt fram i lokalpolitikken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nødseth, Belsvik

KONFLIKT: Jacob Nødseth skal mellom anna ha send tekstmeldingar som vart oppfatta som sjikanerande av partifellen Embla Belsvik.

Foto: Simon Solheim/Sondre Dalaker / NRK

Lokallaga er kritiske

Trass dette var det eit knappast mogleg fleirtal i Flora Høgre som torsdag gjekk inn for å gje Nødseth plass på Høgre si stortingsliste frå Sogn og Fjordane.

Fylkesleiar Arve Mjømen ønskjer ikkje å nominere Nødseth og viser mellom anna til klare signal han har fått frå fleire lokallag.

– Dei signala eg har fått frå lokallaga i vinter går på at dei ikkje ønskjer meir rot. Dei ønskjer stabilitet og har vore ganske tydelege på at dei ikkje ønskjer ei re-nominering av Jacob Nødseth, seier Mjømen til NRK.no.

Trur ikkje Nødseth vil vinne fram

Nødseth ønskjer ikkje å uttale seg på radio, og skriv i ein SMS at han per i dag ikkje ønskjer å kommentere Mjømen sine personkarakteristikkar.

Vidare påpeikar han at det ville vore ryddigare om Mjømen tok kritikken internt.

Mjømen har på si side inga tru på at Nødseth vil vinne fram i den komande nominasjonsprosessen.

– Eg blir overraska og forbausa dersom det skjer ut frå dei signala som har kome til no.