Hopp til innhold

Nødseth får støtte frå partifeller

Partifeller i Høgre, både i Florø og Førde, meiner Høgre-politikaren Jacob Nødseth blir utsett for ein svertekampanje.

Jacob Nødseth

FÅR STØTTE: Jacob Nødseth får støtte frå fleire partifeller i striden i Høgre.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Nødseth har fått massiv kritikk etter å ha vore i konflikt med partifellen Embla Belsvik. Måndag fekk han sparken som politisk rådgjevar for ordføraren i Flora.

Nødseth blir ustett for ein stygg kampanje for å prøve å få han ut av politikken, meiner Hilmar Eliasson i Flora Høgre.

– Han står på døgnet rundt, han er flink til å finne saker, han har profilert seg godt på Stortinget og her drep vi faktisk eit politisk talent i Florø som vi aldri har hatt før, seier Eliasson til NRK.

Fekk sparken av ordføraren

Det har i lengre tid storma kraftig rundt 24 år gamle Høgre-politikaren Jacob Nødseth frå Florø.

Han blir sett på som eit stort politisk talent, men fleire konfllikter med partifeller gjer at mange ser ut til å han mista sansen for Nødseth.

Måndag kulminerte det heile med at Nødseth fekk sparken som Flora-ordførar Bengt Solheim Olsen sin politiske rådgjevar. Dette er ein del av spelet for å få Nødseth ut av politikken, seier Eliasson.

– Dette har vore ein kampanje mot Nødseth, meiner partifellen.

Bengt Solheim-Olsen

AVVISER KRITIKK: Ordførar Bengt Solheim-Olsen avviser kritikken frå partifeller som meiner oppseiinga av Jacob Nødseth er eit ledd i ein svertekampanje.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

Avviser svertekampanje

Flora-ordførar Bengt Solheim Olsen avviser på det sterkaste at han deltek i ein svartekampanje mot Nødseth.

– Eg har teke eit initiativ på sjølvstendig grunnlag i høve den rolla han har hatt som politisk rådgjevar, seier Solheim Olsen.

– Angrar du på noko du har gjort overfor Nødseth?

– Nei, eg angrar ikkje på noko eg har gjort.

Reagerer sterkt

Også leiaren i Førde Høgre, Karl Erik Melander, meiner Nødseth blir utsett for ein svertekampanje. Han viser til at konflikten mellom Nødseth og Belsvik er av privat karakter.

Han reagerer sterkt på utspelet som fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen nyleg kom med. Mjømen slo klart fast at Nødseth ikkje er ønska på partiet si stortingsliste.

– Baktaling og baksnakking og å trekkje ei privatsak så langt synes eg ikkje høyrer nokon stad heime i ein politisk kvardag.