Hopp til innhold

Ta dagens søndagstur i godstolen

Einskilde tykkjer minutt for minutt-videoane til Truls Kleiven er så livaktige at dei kastar seg til sida når dei møter buss. På video!

I serien med minutt for minutt-videoar på NRK.no har turen komme til Olden - Briksdalsbreen.

Frilansfotograf Truls Kleiven frå Florø har farta fylket rundt i sommar, og han er klar på at det er fint lite som kan slå den mektige naturen vi kan omgi oss med dagleg her i fylket.

– Det som har slege meg på desse turane er at vi har det utruleg flott rundt oss. Eg trur ikkje folk i fylket kanskje veit kor utruleg flotte naturperler vi har rett rundt neste sving, seier Kleiven.

Har festa kameraet medvite

Med eit såkalla go pro-kamera festa oppe til venstre på frontruta, har Kleiven filma mange flotte vegstrekningar. Kameraet er på storleik med ei litt stor fyrstikkøskje, og er festa med sugekoppar på utsida av frontruta.

Mellom anna har Kleiven filma Fjærlandsvegen og fylkesveg 55 gjennom Luster og over Sognefjellet.

Han har vore medviten på kor han har festa kameraet for å få ein mest mogleg realistisk effekt for publikum, og det har han fått mange tilbakemeldingar på.

– Sidan kameraet er festa så langt til venstre, så har folk følt på at dei må bøyge seg mot høgre til dømes når vi passerer store køyretøy. Det er litt artig, og det får folk til å føle at dei verkeleg er med i bilen, seier Kleiven.

25 prosent ser heile filmen

Han er overvelda over responsen filmane har fått.

– Det som kanskje overraska meg mest, er at vel ein fjerdedel av dei som ser filmane, ser filmane i sin heilskap. Og det er spesielt at folk vel å sjå over ein halvtime lange filmar på nettet. Men det er kjekt og inspirerande, seier Kleiven.

Han har fleire turar på råtape, og lovar fleire godbitar ut over hausten og vinteren.

– Vi har også nokre prosjekt på blokka, så det kjem meir. Men vi har litt utfordringar med vêret. Det er liksom ikkje noko vits å filme når regnet auser og skodda ligg heilt nede på panseret, seier Kleiven.

Har du gått glipp av tidlegare filmar? Då finn du dei her: