Hopp til innhold

Mjømen trekk seg frå Høgre-lista

Fylkesleiar Arve Mjømen trekk seg som kandidat til Høgre-lista til stortingsvalet neste år. Striden kring Jakob Nødseth er årsaken.

Arve Mjømen og Jacob Nødseth

I STRID: Fylkesleiar Arve Mjømen og Florø-politikar Jakob Nødseth er alt anna enn gode vener i det politiske landskapet for tida.

Foto: Montasje: Høgre/Oddleif Løset/NRK

Ifølgje avisa Firda, skjer dette etter dei siste dagane med open uro i fylkespartiet kring rolla til både Jakob Nødseth og kastinga av Finn Ove Njøsen frå partiet si nominasjonsnemnd.

Sist torsdag hadde fylkesstyret i Høgre eit ekstraordinært styremøte over telefon. Her diskuterte dei kor vidt Finn Ove Njøsen, som sit i nominasjonsnemnda i partiet, skulle fjernast frå sitt verv i nemnda. Noko dei valde å gjere.

No går altså fylkesleiaren sjølv ut av kampen om å bli nominert på partiet si stortingsliste, og det er heilt klart at den interne maktkampen i partiet held fram med uforminska kraft.

Det skjer etter store interne konfliktar kring fylkesstyret i Høgre si kasting av Finn Ove Njøsen frå nominasjonsnemnda etter usamd om nøytralitet.

Tidlegare fylkesnestleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Eva Marie Halvorsen, meiner i følge Firda at Njøsen vart offer for frykta for ein sterk kandidat i form av Jakob Nødseth.

– Dette er politikk på sitt verste. I politikk må ein akseptere usemje. Eg trur rett og slett dei er redde Jacob Nødseth. Han er så dyktig at han om fire år vil kunne vere vanskeleg å komme forbi som førstekandidat, seier Halvorsen til avisa.

Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, har førebels ikkje vore tilgjengeleg for kommentar til NRK i denne saka no i kveld.