Hopp til innhold

Førdefestivalen er budsjettvinnar

Førdefestivalen kan neste år vente seg om lag 5,5 millionar kroner frå regjeringa. Det viser lekkasjar frå statsbudsjettet.

Opptog Førdefestivalen

BUDSJETTVINNAR: Førdefestivalen held fram med å få millionar i støtte frå regjeringa.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Statsbudsjettet for neste år vert lagt fram måndag, men allereie no er dei klassiske lekkasjane begynt å sive ut.

Ein av gladmeldingane går til Førdefestivalen. Neste år får dei 562 000 kroner meir å rutte med frå staten.

Eit kvalitetsteikn

– Det er sjølvsagt veldig gledeleg. Vi er glade og stolte og synes det er veldig flott at vi på denne måten vert sett av regjeringa, seier festivalleiar Hilde Bjørkum.

Festivalen er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i Norge, og vart arrangert for første gong i 1990.

I år mottok Førdefestivalen om lag 4,9 millionar kroner over statsbudsjettet. At løyvinga vert auka neste år trur Bjørkum skuldast at regjeringa ha tillit til festivalen.

Hilde Bjørkum

FESTIVALLEIAR: Hilde Bjørkum

– Det er tydelegat regjeringa ser at vi fyller oppdraget vi har som knutepunktfestival. Vi har ambisjonar om å gjere enda meir og bli enda betre, seier ho.

Stortingspolitikar Ingrid Heggø (Ap.) stadfestar at det er kvaliteten på festivalen som ligg bak den auke løyvinga.

– Eg meiner det er eit sterkt signal på at styresmaktene ser på Førdefestivalen som ein veldig god festival. Den er god på kvalitet, det er den kvart år, og den er anerkjend, seier Heggø.

Mykje å bruke pengane på

Med over ein halv million ekstra å rutte med, kan festivalen auke ambisjonane.

– Kva skal pengane bli brukt på?

– Vi har lyst å bruke det på å skape nye produksjonar og bestillingsverk. På den måten får vi fram nytt materiale til publikum, spesielt til born og unge, seier Bjørkum.

I tillegg vil festivalleiaren fordele løyvinga på dei ulike konsertane dei arrangerar gjennom året.

– Eit fyrtårn for kultur

– Ein halv million ekstra i løyvingar. Kva synes du det seier om den gjennomslagskrafta festivalen har fått?

– Vi trur at vi vert sett og lagde merke til for den kvaliteten vi leverar, seier Bjørkum.

Ho rosar alle som er med på å lage festivalen, publikumarar og støttespelarar.

– Det er mange som har æra for at det er blitt den festivalen det er blitt. Det er ein fjør i hatten til festivalen og ein muligheit til å utvikle oss enda meir og bli enda betre og vere eit skikkeleg fyrtårn for kultur i Sogn og Fjordane og i landet, seier Bjørkum.