KrF, Høgre og Venstre sine ordførarar er for lojale mot regjeringa. Det hevdar AP-ordførar i Hyllestad, Harry Mowatt.
Han trur kommunane tek skade av at ordførarane legg seg flate overfor moderpartia. Mowatt meiner Arbeidarparti-ordførarar har vore mykje flinkare til å stille krav overfor sine eigne, når partiet har vore i posisjon.
|
Harry Mowatt kritiserer ordførarkollegaer |
|
Kristen Hundeide er usamd med Mowatt. |
Usamd høgreordførar
Ordføraren i Eid, Kristen Hundeide frå Høgre, har liten sans for Mowatt sitt utspel i valkampen. Han syns skuldingane er urimelege, og meiner dei er flinke nok.
– Mowatt har tydelegvis starta valkampen, seier Hundeide. Men han stadfestar at ordførarane frå KrF, Høgre og Venstre fyrst og fremst nyttar interne partikanalar for å målbere synspunkta sine.