– Gje skuleelvane fri på valdagen. Det er oppmodinga frå SV sin førstekandidat til fylkestinget, Norvall Nøringset, til rektorarane i landet.
Av
Kjetil Gillesvik og
Ivar Longvastøl
Nøringset meiner forslaget er viktig for å betre valdeltakinga blant dei unge.
Det er spådd rekordlåg deltaking ved årets kommune- og fylkestingsval, og det ønskjer altså Nøringset å gjere noko med.
Ekstra puff
– Elevar som bur på hybel bør få ein heimedag, slik at dei får høve til å stemme i heimekommunen sin. Vi veit at det er stor fare for at mange ikkje vil stemme, og då kan dette vere det ekstra puffet som gjer at dei deltek ved valet, seier Nøringset.