Sjølv om SV kjem i regjering for første gong, er partiet ein av taparane i Sogn og Fjordane. Med 9,1 prosent av stemmene, vart Heidi Grande Røys vippa ut av Stortinget.
Av
Lars Petter Degnepoll og
Kjell Arvid Stølen
|
Heidi Grande Røys. Foto Heidi Lise Bakke NRK |
Sjølv i heimkommunen til Grande Røys, Flora, gjekk partiet tilbake 7,8 prosentpoeng. Og no må Heidi ho førebu seg på å følgje den raudgrøne regjeringa heime frå Florø. For ho ligg heller ikkje an til å få utjamningsmandatet frå Sogn og Fjordane. Og ho var både skuffa og litt overraska då valresultatet frå Flora kom inn. - Det som overraska meg er at Framstegspartiet får 18,7% i Flora, det var eg ikkje førebudd på, og eg forstår ikkje heilt kvifor så mange har røysta på det partiet, seier ho.
- Flora og Bremanger svir mest
For fire år sidan var det veljarane i dei store sentra i Sogn og Fjordane som gjorde at Grande Røys vart historisk som den første SV-representanten frå fylket. I år vart det tilbakegang i viktige kommunar som Førde og Høyanger. Men mest svir nok likevel veljarflukten i Bremanger, der ho vaks opp, og Flora, der ho no er busett.
- Ikkje Ap som stel veljarane
Heidi Grande Røys vil heller ikkje vere med på at det er storebror i regjeringsalternativet, Arbeidarpartiet, som stel veljarane, med ein meir truverdig industripolitikk.