Av redaksjonssjef
Rolf Sanne-Gundersen
Per Kristian Foss var her tysdag. Det same var leiaren i næringskomiteen, Arbeidarpartipolitikaren Olav Akselsen. Siv Jensen har vore her. Det har også moderniseringsminister Morten Meyer. Og på lista over dei som kjem til Sogn og Fjordane dei neste to vekene står Carl Ivar Hagen, Dagfinn Høybråten, Kjell Magne Bondevik, Knut Arild Hareide, Karita Bekkemellem Orheim, Lars Sponheim og fleire andre kjende rikspolitikarar.
Kjem i flokk
Valkampen har starta. Sogn og Fjordane er plutseleg ein viktig arena for politikarar som vanlegvis oppheld seg i hovudstaden på Stortinget eller i regjeringslokala. Politikarar med relativt beskjeden kunnskap om fylket vårt kjem no i flokk til Sogn og Fjordane. Nokre er her ein hel dag, andre kjem med helikopter, landar, pratar, eter, vert intervjua og fotografert og reisar vidare til neste oppdrag, neste fylke, neste besøk.
Klarer ikkje å overbevise
Nokre vert sjokkerte over dei dårlege vegane, det ujevne vegdekket, dei store avstandane, dei høge bompengesatsane. Andre er mest opptekne av naturen, dei høge fjella, dei vakre fjordane og klarer ikkje heilt å overbevise dei som har møtt fram om at dei verkeleg er engasjerte i det som skjer i den kommunen dei besøker, det ordføraren engasjert fortel om, det fleire personar har brukt fleire dagar på å førebu.
Kven skal på Stortinget?
Det alt eigentleg handlar om er kven som skal representere i overkant av 107.000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane på Stortinget dei neste fire åra. Er det Mathias Råheim, Heidi Grande Røys, Reidar Sandal, Gunvald Ludvigsen, Liv Signe Navarsete, Åge Starheim eller Per Steinar Osmundnes.
Riksplan viktigast
Kven av desse sju får dei fem ledige plassane på Stortinget? Det skal veljarane bestemme. Og difor kjem kjendis-politikarane i flokk. Å vedgå at det som skjer på riksplan er viktigare for veljarane, uansett kvar dei bur, enn lokale sakar og problemstillingar, er forlengst akseptert og godteke i dei politiske partia som ei sanning.
SV med vri
Rett nok gjorde SV ein dristig variant onsdag. Dei opna valkampen i Førde og stilte med førstekandidat Heidi Grande Røys som stemmesankar og frontfigur, berre tre dagar før KrF opnar valkampen i Sogndal med Dagfinn Høybråten som frontfigur.
Er veljarane uinteresserte?
Men er det slik at veljarane i fylket er uinteresserte i kva dei ulike førstekandidatane vil gjere for å betre vegstandarden? Kva slags saker dei brenn for, kva dei vil bruke fire år på Stortinget til å jobbe for? Er dette uinteressant? Er det viktigare å få med seg ein retorikkekspert si vurdering av kven som vann gårsdagens TV-debatt, Bondevik eller Stoltenberg? Kva slags parti som klarer å få flest kjendisar til fylket i løpet av valkampen, Høyre eller SV?
TV-debattar betyr mest
Betyr det mest for kva slags stemmesetel du vel måndag 12. september 2005? Dei politiske partia er usikre, og ein erfaren partisekretær sa i dag at han trur det som skjer på riksplan og i TV-debattar betyr mest for det valet veljarane tek. Altså kven av kjendis-politikarane som gjer det best i valkampen.
Stolar ikkje på sine eigne
Difor vert det jobba iherdig med å få ein heil dag med Kristin i Florø, Kjell Magne i Nordfjord, Dagfinn i Sogndal og Per Kristian i Måløy. Partia stolar ikkje på eigne kandidatar sin stemmetekke. Dei stolar ikkje heilt på eigne saker, eigne problemstillingar. Men kva får vi tilbake av kjendis-politikarane?
Tomprat
Dei fleste som høyrde intervjuet med Olav Akselsen i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane tysdag vil diplomatisk svare generelle synspunkt. Andre vil seie uinteressant tomprat. Jo, eg bryr meg om Svelgen-samfunnet, men eg bryr meg også om andre bedrifter og industristader i Norge, og i morgon skal eg til Kristiansand og sei nøyaktig det same, fritt sitert Olav Akselsen.
Men kan vi vente meir?
Heller ikkje Per Kristian Foss var spesielt tydeleg og klar under sitt besøk i Måløy onsdag. Ingen konkrete løfter om økonomisk hjelp til eit lokalsamfunn som slit, berre generelle synspunkt. Men kan vi vente meir? Kan vi forvente at leiaren i næringskomiteen kjem med noko anna enn løfte om å jobbe for industriarbeidarane i Svelgen. Eller at finansministeren lovar anna enn å holde seg oppdatert om situasjonen i Måløy? Kan vi forvente forpliktande svar, svar som bind eit parti i framtida?
Neppe.
Sole seg i glansen
Men det betyr heller ikkje så mykje for dei politiske partia. Kjendis-politikarene får i det minste merksemd. Aviser, NRK og andre stiller trufast opp, førstekandidatane kan sole seg i glansen og ein del lokalsamfunn får i det minste litt merksemd om dei problema dei har eller den kvaliteten dei har, slik Hornindal fekk vist moderniseringsminister Morten Meyer.
Sexy tema
Så står det att å sjå om SV bomma med sin strategi, då dei varta opp med Heidi Grande Røys, Norvall Nøringset, Per Magne Bell, Anna Avdem og fleire andre lokale SV-politikarar som snakka om eit såpass sexy tema som kommuneøkonomi.