Hopp til innhold
Kronikk

Grunnlova er ikkje frå i dag

Skal vi fornye språket i Grunnlova – og korleis skal vi i tilfelle gjere det?

Grunnloven Eidsvoll

Eidsvollbygningen, der Grunnlova blei vedteken i 1814. Lova ligg på bordet.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Denne kronikken finst i to variantar. Ein på nynorsk og ein på bokmål. Kommentarfeltet vil berre vere ope i denne utgåva, slik at debatten held seg samla på ein plass.

Grunnlova vår er skrive med ei rettskriving frå 1903. Når vi les gjeldande grunnlov, kan vi få kjensle av at lova er gammal. Det er Grunnlova også. Nokre av føresegnene har stått uendra sidan 1814. Det er gjort mange endringar i Grunnlova sidan da, men alle føresegnene i Grunnlova i dag har same rettskriving i alle paragrafane, anten dei er skrivne i 1814, 1884, 1903 eller i 2007.

Når Stortinget gjev nye grunnlovsføresegner, blir dei ført inn i den grunnlovsteksta som då gjeld. Tillegg blir ikkje kalla tillegg, dei bytast ut med dei føresegnene som skal endrast. Paragrafen som stengde jødane ute frå riket, blei teken ut i 1851 da forbodet blei oppheva.

Då vi i 2007 fekk føresegna om at regjeringa hadde plikt til å gå av når Stortinget ikkje lenger hadde tillit til regjeringa, blei den føresegna tatt inn som ny § 15. Denne paragrafen omhandla før unionsoppløysinga den norske regjeringa som då sat i Stockholm. Den nye føresegna om parlamentarismen som Stortinget gjorde vedtak om i 2007, fekk då sin plass som ny § 15.

Mange meiner at vi no må få ei grunnlov på eit meir moderne norsk som er lettare å forstå for folk flest. Det er også mange som meiner at grunnlov må vera i to versjonar, ein på nynorsk og ein på bokmål.

HØYR: Arne Fliflet i debatt i Kulturnytt om Grunnlova i dag.

Enten nynorsk eller bokmål

I dag blir alle lover gjeve anten på nynorsk eller på bokmål. Stortinget gjer ikkje vedtak om to parallelle lover, ei på nynorsk og ei på bokmål. Alle lover blir vedtatte i ein versjon, anten på bokmål eller på nynorsk. Forvaltningslov er på bokmål og offentleglova er på nynorsk.

Dei som leser Grunnlova vil få inntrykk av at Grunnlova er frå i dag – og det er ho ikkje.

Arne Fliflet, sivilombudsmann

Før kunne ein lese i Grunnlova § 81 at «Alle Love udfærdiges i det norske Sprog …». Denne føresegna blei endra etter unionsoppløysinga. Vi kan ta denne føresegna inn på ny med ei presisering om at endringane skal vera på nynorsk eller bokmål. Då vil det vera opp til dei som gjer framlegga, anten det er Regjeringa eller stortingsrepresentantane, å gjera sine framlegg til endringar eller tillegg på nynorsk eller bokmål. Og så blir det opp til Stortinget å gjere vedtak om vi skal få ei ny og endra grunnlovsføresegn på nynorsk eller bokmål. Då vil det bli mindre fare for meiningsskilnad og tolkingstvil fordi vi da berre vil ha ein tekst å halde oss til. Det vil også bli enklare å endre, gjera om eller gje nye føresegner.

Må forklårast nærmare

Nokon vil kanskje seie at vi då vil få ei grunnlov som liknar eit lappeteppe. Kanskje det, med det vil i so fall vera ei grunnlov som ikkje gjer seg ut for å vera noko anna enn det ho er. Dersom vi no skal modernisere grunnlovsspråket, vil dei som les Grunnlova få inntrykk av at Grunnlova er frå i dag – og det er ho ikkje.

Grunnlova i dag er eit resultat av ei lang historisk utvikling og med den rettskrivinga vi i dag nyttar forstår vi med ein gong at dette er ei grunnlov med lange historiske røter som må forklårast nærmare for at vi skal forstå føresegna på rett måte.

Dette er ikkje god folkeopplysing.

Arne Fliflet, sivilombudsmann

Når vi i dag i Grunnlova § 12 kan lese at «Kongen vælger selv et Raad af stemmeberettigede norske Borgere», forstår dei fleste at slik var det før. Vi veit at det ikkje er kongen personleg som i dag avgjer korleis regjeringa skal setjast saman. Men dersom vi skriv dette i det språket vi bruker i dag, blir det «Kongen velger selv et råd av stemmeberettigede norske borgere» eller på nynorsk «Kongen vel sjølv eit råd av røysteføre norske borgarar».

I andre leden vil det i nynorskversjonen stå: «Kongen fordeler gjeremåla mellom medlemmene slik han meiner det er tenleg». I ein bokmålsversjon vil det stå at «Kongen fordeler gjøremålene blant statsrådets medlemmer slik han finner det tjenlig». I eit språk som ligg tett opp til språkbruken i dag vil lesarane få inntrykk av at vi framleis har ein personleg kongemakt. Dette er ikkje god folkeopplysing.

Eg meiner at vi bør modernisere grunnlova språkleg. Men vi må gjere det på ein måte som er eigna til å gje eit riktig bilde av reglane i grunnlova og ikkje bli lokka til å gjera noko som berre er politisk korrekt og som i tilfelle ikkje vil ha anna enn symbolverknad.