|
Første ordføraren i Askvoll var Georg Prahl Harbitz. (©Fylkesarkivet) |
I tillegg til det som idag er Askvoll kommune, låg bygdene langs kysten frå og med Hyllestad og Øen sokn (no i Hyllestad) og Nordsula (bygdene lengst nord i noverande Solund kommune) innanfor kommunegrensene i sør.
I nord var Staveneset og Grimelid ved innløpet til Førdefjorden dei nordlegaste grendene i Askvoll kommune.
I Dalsfjorden gjekk grensa mellom Askvoll og dåverande Ytre Holmedal herred (kommune) vest for Vårdal på nordsida, og mellom Hellevik og Fure på sørsida. I 1861 vart Hyllestad eigen kommune, og fekk då med seg Hyllestad og Øen sokn frå
Askvoll. I 1887 vart Solund eigen kommune, og fekk då bygdene i Nordsula frå Askvoll. (Bygdene Vårdal, Holmedal, Rivedal og Fossedal på nordsida av Dalsfjorden høyrde til Ytre Holmedal herad (kommune) som i 1911 skifta namn til Fjaler kommune. Indre Holmedal herred skifta samstundes namn til Gaular).
|
Kommunevåpenet for Askvoll |
Utviding av grensene i 1964
Ved kommunereguleringa i 1964 overtok Askvoll kommune bygdene Osland, Stavestrand og Vågane frå nedlagde Bru kommune, og Flokenes, Skorva, Gjelsvik, Kvammen og Rørvik frå nedlagde Vevring kommune. Bru og Vevring komunar låg ved innlaupet til Førdefjorden (sjå også
Kommunehistoria i Naustdal).
Ny regulering i 1990
Ved ei ny kommuneregulering i 1990 vart Dalsfjorden grenseskilje mellom Askvoll og Fjaler, ved at Fjaler tok over "sørsidebygdene" Fure, Grytøyra, Korssund og Folkestad frå Askvoll, og Askvoll overtok Vårdal, Holmedal, Rivedal og Fossedal frå Fjaler.
Dagens grenser
I dag er Dalsfjorden grense mellom Askvoll og Fjaler mot sør, og Førdefjorden grense mellom Flora og Askvoll i nord. I aust grensar Askvoll mot Førde kommune vest for Heilevang, og mot Gaular kommune vest for den flotte Laukelandfossen ved Dalsfjorden.
HAFS-samarbeidet
Askvoll kommune er saman med Fjaler, Solund, Hyllestad og Gulen med i det interkommunale plan- og utviklingssamarbeidet HAFS,som vart skipa i 1992. Dei fire kommunane samarbeider også om ymse kommunale tenester innan t.d. administrasjon, sosialvesen og informasjon. HAFS stod sentralt i skipinga av
Lutelandet Utvikling AS, som skal arbeide for utvikling av tyngdre industri, evt. også ilandføring av olje og gass på Lutelandet i Fjaler kommune.
|
Gamle heradsheimen i Askvoll var i bruk til 1983. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Kommunehus
Det første kommunehuset vart bygt i Askvoll på 1890-talet. Det husa også legebustad.
I 1923 tok kommunen i bruk det nye "Heradsheim". Her var det m.a. kontorlokale for sanitetslaget si helsesøster, tannlegekontor, likninga, Askvoll Sparebank, og kjellaren vart nytta som kinolokale og møte- og festlokale for bygda.
I 1983 vart kommuneadministrasjonen flytta over i den gamle aldersheimen på Røyset like nord for Askvoll sentrum. Denne var bygt i 1937, men vart forboden som aldersheim på 1970-talet på grunn av brannfåren. Den vart etter nokre år ominnreia for å tene som rådhus for kommunen.
I 2005 kjøpte Askvoll kommune eit næringsbygg frå entreprenørane Tangedal og Olset på Bøen for å nytte det som nytt rådhus.
|
Rådhuset til kommunen i 2002 var tidlegare gamleheim. (Foto: Arild Nybø, NRK) |