Omtalane er ordna etter fødselsår:
Kjende personar i Askvoll fødde år 1900-:
(f. 1903) frå Holmedal. Industrigrunnleggjar og fabrikkeigar.
Alfred Emil Furre
(1903–1940) fødd i Bergen, busett i Askvoll. Skipstømmermann og krigsseglar. Omkom då D/S ”Samnanger” vart torpedert i Sør-Atlanteren den 21. desember 1940.
Karl Kristian Knutsen
(1904–1940) frå Askvoll. Matros og krigsseglar. Omkom då D/S ” Salonica” vart torpedert på veg frå Pugwash i Nova Scotia til Newcastle den 23. november 1940.
(1905–1942) Styrmannn og krigsseglar.
Reinhard Herland
(1906–1941). Fiskar og krigsseglar. Var sjømann under andre verdskrig og drukna i Methil i Skottland 26. mars 1941.
Bernhard Mathias Smelvær
(1906–1942) frå Askvoll. Sjømann. Hadde utdanning som styrmann og radiotelegrafist. Omkom då D/S ”Birk” sleit fortøyningane i ein storm på hamna i Kirkenes, dreiv av og vart sprengd i eit minefelt den 15. februar 1942.
(1906–2000) frå Førde. Kjøpmann. Grunnla handelshuset P.A. Sølvberg i Askvoll, som vart utvikla til det største i kommunen.
(1908-1944) frå Bulandet. Fiskar.
(1909–1991). Biletkunstnar og fotograf.
(1910-1978) frå Røyset. Lensmann og friidrettsmann.
(1910-1989) frå Holmedal. Industrigrunnleggjar og fabrikkeigar.
Kristian Olsen Lerpoll
(1910–1943) frå Holmedal, busett i Bergen. Maskinreparatør og krigsseglar. Drog til sjøs i 1939 på M/S ”Molda”. Vart skyttar på M/T ”Sandanger” og omkom under berging av ein kamerat då skipet vart torpedert på veg frå New York til Belfast den 12. mai 1943.
(1914-1944) frå Værlandet. Fiskar.
(1914–1945) frå Askvoll. Dampskipsekspeditør og motstandsmann under 2. verdskrig.
Kåre Antonius Seines
(1914–1941) frå Bodin, busett i Askvoll. Motstandsmann og krigsseglar. Hjelpte under 2. verdskrig norske krigsflyktningar over til England før han sjølv måtte røme i august 1941. Vart krigsseglar og omkom då D/S ”Annavore” vart torpedert i Atlanterhavet den 21. desember 1941.
(1915-2006) frå Bulandet. Fiskar og motstandsmann under 2. verdskrig.
Håkon Vårdal
(1915–1944) frå Vårdal. Styrmann og krigsseglar. Tenestegjorde på ein norsk ubåt og vart teken til fange den 9. april 1940. Greidde seinare å rømme til Shetland og tok hyre på norske handelsskip, frå 1942 på D/S ”Gudvin” som vart hardt bomba på hamna i Napoli den 15. mars 1944. Påkjenningane gjorde at Vårdal døydde den 31. mars 1944.
Otto Johannes Nyberg
(1917–1940) frå Hosanger i Hordaland, busett i Askvoll. Lettmatros og krigsseglar. Segla i alliert fart med M/T ”Fosna” og omkom ved ei ulukke i Auckland den 18. oktober 1940.
Kåre Rødbotten
(1917–1944) fødd i Bergen, busett i Askvoll. Matros. Omkom då hurtigruteskipet ”Irma” ved eit mistak vart senka av allierte MTB-ar då dei gjekk til åtak på ein konvoi på Hustadvika den 13. desember 1944. 61 menneske miste livet.
Jørgen Klausen
(f. 1917) frå Holmedal. Grunnla saman med broren Olav Klausen (sjå nedanfor)
Klausen Mek. Verksted AS i 1947. I samband med overgang til aksjeselskap i 1981, gjekk Jørgen Klausen ut av Klausen Mekaniske.
Sigurd Rolland Monsen
(1918–1940). Sjømann og marinegast. Var dekksmann på panserskipet ”Eidsvold” og omkom då dette vart senka i Ofotfjorden ved Narvik under krigsutbrotet den 9. april 1940.
|
Jørgen og Olav Klausen. Foto utlånt av Kjell Eikemo |
Olav Klausen
(1919-2007) frå Holmedal. Grunnla saman med broren Jørgen
Klausen Mek. Verksted AS i 1947. Dagleg leiar fram til 1988. Aktiv i lokalpolitikk og idrett. Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv 1987.
Bernt Teodorsen Myrvåg
(1921–1945) frå Værlandet. Fiskar og commandosoldat. Rømde til England i 1941 og vart soldat i commandokompaniet ”De grønne djevler”. Deltok i invasjonen i Belgia og Nederland og storminga av festningsøya Walchern. Fall på Kapelche Veer den 14. januar 1945.
(1921–1942) frå Kvammen. Fiskar og medlem av Shetlandsgjengen.
(1922-1944) frå Askvoll. Fiskar og krigsflygar.
(1922–1945) frå Værlandet. Marinegast.
(1924-2002) frå Stongfjorden. Forfattar og biletkunstnar.
f. 1928, frå Sandøy. Fiskar, organisasjonsmann og politikar.
f. 1929 i Askvoll. Bankmann og Senterpartipolitikar.
f. 1929 i Oslo, busett på Leikvin i Eid og i Askvoll. Biletkunstnar og gallerist.
f. 1931 i Volda, busett på Leikvin i Eid og i Askvoll. Biletkunstnar og gallerist.
(1935-1944) frå Røyset.
f. 1935 i Askvoll, busett i Bergen. Industrileiar og gründer.
f. 1937 på Kvellestad i Vevring. Lærar, busett i Holmedal.
f. 1937 i Askvoll. Rådmann og organisasjonsmann.
(f. 1938) i Askvoll. Siviløkonom og bankmann.
f. 1938 på Herland. Vaks opp i Naustdal og er busett i Førde. Biletkunstnar, forfattar og songar.
(1942-2006), frå Holmedal. Siviløkonom og industrileiar.
f. 1943 i Askvoll. Lærar og Senterparti-politikar.
(f. 1944) i Rivedal, busett i Leikanger. Forfattar og journalist.
f. 1944 i Holmedal. Professor i medisin, fag- og prosjektdirektør i Helse Vest.
f. 1946, forfattar og dramatikar, Vårdal. Har m.a. skrive ei rad teaterstykke og sogespel.
f. 1948. Forretningsmann og industrigründer.
|
Kjellaug Veivåg Høyvik. |
f. 1949 i Bømlo, busett i Askvoll. Lærar og Senterparti-politikar.
f. 1950 i Askvoll, busett i Førde. Sivilarkitekt og professor.
f. 1950 i Askvoll. Lærar og Arbeidarpartipolitikar
f. 1952, frå Holmedal. Industrileiar og idrettsmann.
f. 1953 i Holmedal, busett i Sogndal. Fotballspelar.
f. 1961 i Stongfjorden, busett i Florø. Journalist og redaktør.
f. 1970 i Bergen, busett i Askvoll. Cand. philol. Lærar, historikar og forfattar.
|
Helene Langeland. Privat foto |
Helene Langeland
f. 1972 i Askvoll. Prest og Kristeleg Folkeparti-politikar. Cand. theol. frå Menighetsfakultetet 2004. Har vore fylkesleiar for Kr.f. Ungdom og medlem av sentralstyret. Politisk rådgjevar for statsråd Jon Lilletun i KUD 1998-1999. Sokneprest i Lærdal.
f. 1973 på Flokeneset. Skodespelar.
f. 1974 i Stongfjorden, busett i Svelgen. Arkeolog og kultursjef.
Bjarte Holmelid
f. 1977 i Askvoll, busett i Bergen. Friidrettsutøvar. Som representant for Gular tok han sølv i lengde i NM 2003, og har tidlegare også hatt gode plasseringar i landseliten som representant for Fana IL.