|
Frå produksjonen før elektrisiteten kom. Foto: Innvik Ullvarefabrikk |
(Det hadde også Utvik-guten
Anders Hansen vore, han grunnla
Evebøfoss Fabrikker på Sandane i 1907).
Wald Skaaden starta sitt eige ullspinneri ved elva i Innvik 28 år gamal. Han gjekk i kompaniskap med søskenbarnet Andreas Svarstad, som var spinnerimeister hos Devold i Langevåg, men som flytta til Innvik for å arbeide der.
Frå 1912 vart Skaaden eineeigar: Då flytta Andreas Svarstad til Lillehammer, der han overtok Gudbrandsdalen Ullvarefabrikk. Gjennom fleire utvidingar av fabrikken fram til 1914, utvikla Indvikens Uldvarefabrik seg til å bli ein av dei største i sitt slag i Norden.
I 1915 hadde fabrikken 60 tilsette, og i tillegg kommisjonærar over heile landet som tok imot ull og bestillingar på varer.
Drive med handemakt
|
Maskineri i den gamle ullvarefabrikken. |
Maskinene vart delvis drivne med handemakt dei første åra. Seinare kom kolfyrte dampmaskiner, og i 1903 eige kraftverk, som i 1914 vart avløyst av kraft frå Indvikens Electricitetsverk. Ved utviding av kraftverket i 1919 braut dammen saman, og flaumen gjorde skade for 150.000 kroner på fabrikken, og jordbruksland langs Storelva. Ved bygging av nytt kraftverk i 1920 vart vatnet lagt i røyrgater.
|
Fabrikken har spesialisert segpå møbelstoff. |
Den enorme fabrikk-bygningen i tre står den dag i dag, og gjennom ei stifting freistar ein å ta vare på det særeigne kulturminnet.
Innvik Ullvarefabrikk flytta i 1971 inn i det nye industrihuset (sjå "
Industrihus-suksessen på 1960-talet"), og har sidan spesialisert seg på møbelstoff.
I 2001 skipa eigarane av Innvik Ullvare AS holdingselskapet ISL Holding. Dei kjøpte Sellgren Veveri på Tingvoll på Nordmøre og skipa Innvik og Sellgren Industrier AS. Holdingselskapet kjøpte også Landheim Veveri på Skreia i 2001.
Ved Innvik Ullvarefabrikk arbeidde det i 2001 40 tilsette, og omsetninga var 47 millionar kroner. Ved Sellgren på Nordmøre var det same år 37 tilsette, og omsetninga var 28 millionar kroner.
|
Fabrikken flytta inn i industrihuset i 1971. (Foto: Arild Nybø, NRK) |