|
Høyanger idrettshall og idrettsplassen Sletta. Foto: Ottar Starheim, NRK |
Sportsklubben Falken
Nokre eldre lag og organisasjonar:
(Om politiske og faglege organisasjonar med underavdelingar - sjå
Fagforeningar og Folkets Hus og
Fagforeininga som sosial faktor).
Finnmarksmisjonen
i Høyanger skipa 1870.
Bjordal og Osland kvinneforening
skipa 1871.
Kyrkjebø Kvinneforening
skipa 1874.
Høyanger misjonskvinnelag
skipa 1878
Vadheim Skyttarlag og Ikjefjord Skyttarlag
skipa 1885. På 1890-talet vart det skipa skyttarlag i dei fleste grender i noverande Høyanger kommune.
Vadheim frilynde ungdomslag
skipa 1886.
Kyrkjebø Ungdomslag
vart skipa 1889. Laget fekk eige songkor i 1977.
Ortnevik fråhaldslag
skipa 1899.
Vadheim Musikklag
skipa 1910.
Losje "Industri"
skipa i Høyanger 1917.
Fagforeningens Musikklag
i Høyanger vart skipa i 1923.
Høyanger Dramatiske Forening
var ei forening som i mellomkrigstida sette opp og framførte skodespel i Folkets Hus.
Høyanger Skulemusikk
vart skipa i 1926. Dei første 30 åra fekk berre gutar vere med, men i 1956 vart dei første jentene tekne inn.
Høyanger Arbeidsløses forening
skipa 1936.
Fuglesetfjorden Bondekvinnelag
vart skipa i 1936. Laget har sidan bytt namn til Fuglesetfjorden Bygdekvinnelag.
Høyanger Røde Kors Hjelpekorps
vart skipa i 1941.
Vadheim Røde Kors Hjelpekorps
vart skipa i 1941.
Høyanger Pensjonistlag
vart skipa i 1946 etter opptak frå Edvard Navestad, og er det nest eldste pensjonistlaget i landet etter Tune pesjonistlag. I 1974 kjøpte laget eit hus i sentrum som vart innreidd til eldresenter og opna i 1975.
Kyrkjebø Idrettslag
vart skipa i 1980.
Fjordbrass Lavik
er eit musikkorps som vart skipa i Lavik i 1997.
Høyangerbadet
vart opna i august 2006 og inneheld innandørs og utandørs symjebasseng, vass-sklier m.m. Anlegget kosta 74 millionar kroner.
|
Høyangerbadet vart opna i august 2006. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK |