Gabriel L. Bjørnereim (1876–1954) frå Breim. Bilpionér og krutfabrikant.
Reiste i 1893 til Amerika, der han m.a. utdanna seg som fotograf, og gjekk på bergverksskule. Tok m.a. patent på ein spesiell type ”Herkules”-krut. Vart stygt såra som soldat i den spansk-amerikanske krigen på Filippinane.
Kom heim 1903 og bygde krutfabrikk ved elva på Byrkjelo. Bjørnereim kjøpte 12000 kilo salpeter til produksjonen, men det vart med eit prøveparti på 600 kilo krut, for han fekk ikkje konsesjon til fast drift.
Bjørnereim kjøpte like etter at han kom frå Amerika, truleg i 1903, den første bilen som vart kjøpt til Sogn og Fjordane. Dette var ein tysk bil, som han i 1906 søkte om å få starte varerute med på Sandane-Breim (sjå "
Den første automobilen"). Etter mange hindringar, fekk han køyreløyve i 1907. Men truleg kom ikkje ruta igang, for store lån og løyvenekt for krutproduksjon gjorde at Gabriel gav opp.
I 1908 reiste han til Amerika for godt.
Gabriel var son til
Ludvig Bjørnereim (f. Gåsemyr) og bror til Isak og
Rasmus L. Bjørnereim.