Den eldste og raskaste måten å varsle ufred på i gamle dagar, var å tenne vetar. Vetane stod oftast på høge fjell med vidt utsyn.
Gloppenske Kompani
hadde frå 1700-talet eksersisplassar på Vereide og Re. Kompanisjefen budde frå 1768 på Apalset. I 1792 vart Ytre-Hauge utpeika som sjefsgard.
1. verdskrig
Under utbrotet av 1. verdskrig 1914 oppheldt den tyske keisar Wilhelm seg i Balestrand (sjå "
Krigshistoria i Balestrand"). Den tyske kronprinsen låg i Olden, og reiste straks til Sandane. Der vart han i hui og hast køyrd til Vadheim og henta der av sine eigne då krigen braut ut. Sjåfør til Vadheim var Ola Rasmusson Ryssdalsnes frå Sandane, og Agnar Nyhagen var grindagut.
2. verdskrig:
Bombinga
Ved krigsutbrotet i april 1940 vart også Gloppen utsett for bombing: 28. april freista tyske fly å senke det danske skipet ”Keiserinne Dagmar” på Gloppefjorden, utan å lukkast. I samband med bombinga av lasteskipet ”Wartheland” på Nordfjordeid 1944 (sjå "
Krigshistoria i Eid") løyste allierte fly også skot over Gloppefjorden, utan at dei gjekk til større åtak på konkrete mål.
Søkte ly i Hyefjorden
I Hyefjorden søkte hurtigruteskipet D/S "Finnmarken" ly dei første krigsvekene i 1940. Skipet som var bygt i 1912, gjekk seinare inn i hurtigruta langs kysten, og gjekk i ruta så lenge krigen varte.
Militærleir på Sandane
Under 2. verdskrig bygde tyskarane ein militærleir på Sandane, og konfiskerte m.a. Turnhallen som sovesal. På Sandane bygde tyskarane opp store varelager som m.a. skulle forsyne dei store leirane dei hadde i Førde, Stryn og på Nordfjordeid.
Gøymte unna våpen
Trass i nøye kontroll og krav om innlevering, fekk skyttarlagsfolk gøymt unna mykje våpen og ammunisjon. I Hyen dreiv ein m.a. hjortejakt gjennom heile krigen. Tyskarane var på sporet ein gong, utan å finne jegrane. Også på andre støylar i Gloppen vart det fleire gonger leita etter våpen.
hadde såvidt starta radioproduksjon på Sandane før krigen, og dreiv også undervisning i elektroteknikk på ein kveldsskule (sjå "
Skular i Gloppen"). Tyskarane ville utnytte kunnskapane hans i si teneste til m.a. reparasjon av utstyr, men Sande saboterte ved å seie at han mangla reservedelar.
Brenneved
Under krigen vart det fleire stader i Gloppen stor hogst av brenneved. I Skjerdal t.d. vart det hogge fleire tusen mål bjørkeved som vart fløyta med elva til fjords. Opptil 20 ”skogsrekruttar” tok del i arbeidet.
Paula Andersen-mysteriet
Dette mysteriet hadde samanheng med at ungjenta Paula hadde gått frå Fitje og over fjellet for å besøke kjærasten sin på Gjengedalsstøylen i Hyen i 1944. På veg heim att vart ho sporlaust borte. Store styrkar saumfòr fjellet utan å finne noko. Sidan det var krig, gjekk det mange rykte om kva som kunne ha hendt med Paula. I ein nøkkelroman (”Vi håper på høsten”) som vart skriven om mysteriet, vart det m.a. antyda at ho kunne ha slått seg saman med ein tyskar og rømt.
|
Russarane var fangar i dette huset på Sandane. |
Russehola
på sørsida av Gloppefjorden (like ved der søppelfyllinga Ivahola ligg i dag) har sitt spesielle namn frå 2. verdskrig: På Sandane vart det i 1943 oppretta ein leir for 40 russiske fangar. Hausten 1944 greidde fire fangar å røme. Etter ei spennande flukt, hjelpte motstandfolk dei til å gøyme
|
I Russehola er det framleis sko og reidskapar etter russarane. |
seg i ei fjellhole på Sørstranda. Trass i fleire rassiar, greidde ikkje tyskarane å finne gøymestaden. Motstandsmannen Alex Krag budde saman med russarane i hola til frigjeringa 1945. Russarane gjekk i 17. mai-toget på Sandane i 1945. (Høyr reportasje oppe på sida.)
I dei siste månadane av 2. verdskrig vart ein berghellar på austsida av Hyefjorden, kalla Todørshellaren, tidvis nytta som base og møteplass for Milorg-folk.
Motstandsbrørne Olav K. og Rolv Henden
- sjå under "
Olav K. Henden".
Brennevinslageret
Ved feiringa av frigjeringa 1945 kom ei avdeling frå commandostyrkane Red Devils til Sandane. Dei opna tyskarane sine lager av vin og brennevin, og skjenkte seg sjølve og bygdefolket til det var tomt!