Bonden på Straume, Erke i Kvia, var dampskipsekspeditør og postopnar. Postkontoret innreia han på ein gamal fjøslem på garden. I 1901 bygde Abel Straume ny damskipskai, og var ekspeditør fram til 1917. Han tok også imot turistar som fiska laks i Hyen-elvane.
|
Dampskipsekspeditør og turistvert Abel Straume med kona Eli og borna Torleiv og Maria på slutten av 1880-åra. (Foto © Fylkesarkivet) |
I Straume låg i gamal tid ”kyrkjenausta” til hyarane på rekkje langs stranda. Her stod kyrkjebåtane som dei brukte til Vereide-kyrkja. Då Fylkesbaatane kom, vart nausta nytta som krøterfjøsar for slaktedyr som skulle med dampen til Bergen.
Kring 1900 kom telefonen til Hyen, og O.M. Ommedal på Straume vart telefonstyrar.
|
Straume og Hyen. (Foto: Asle Veien, NRK) |
Ved dampskipskaia i Hyen var det mest ”Rønnekleiv-folk” som dreiv handel:
Rasmus Jakobson Rønnekleiv starta landhandel i 1898. Ole Johan E. Rønnekleiv starta handel, og overtok dampskipsekspedisjonen i 1917. Sonen Eiliv driv forretninga vidare. Ein annan son, Olav, driv Hyen Fjordsenter. Erik E. Rønnekleiv starta bakeri og landhandel i 1914.
|
Stig Eikaas driv galleri i Hyen. (Foto: A. Nybø, NRK) |
I Straumsholmen er det i nyare tid bygd skule, idrettsplass (frå 1929), garasjar for Hyen Billag (frå 1950
Firda Billag), og det er lagt ut bustadfelt.
Kunstnaren Stig Eikaas (son til
Ludvig Eikaas) driv kunstgalleri i bygda om sommaren.
På andre sida av fjordbotnen ligg hjørnesteinsbedrifta
Brødrene Aa i Hyen, og i Hyefjorden har Hyen Laks og Hyen Fisk oppdretts- og smoltanlegg. Dei eig også to oppdrettsanlegg ved Vemmelsvik og Gangsøy i Ytre Nordfjord, og smoltanlegget på
Ryggøyra i Gloppen.
|
Framleis er det laksefiske på Straume. F.v.: grunneigar, kleppar og den stolte laksefiskar. (Foto: Steinar Lote, NRK) |