|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Gloppen - jordbruket: Utslåttane | Jordbrukslandskap på Breim - sett frå Byrkjelo mot Våtedalen. (Foto: NRK) |
Før utskifting av gardar og modernisering av jordbruket kom i gang i siste halvpart av 1800-talet (kalla ”det store hamskiftet”), vart den dyrka jorda her som elles i landet utpint ved sterk vårbeiting, manglande vekselbruk og dårleg gjødsling. Publisert 01.03.2002 16:00. Oppdatert 18.01.2007 10:13.Det siste kom mykje av årbyte-ordninga – d.v.s. at drifta av dei ulike småteigane på innmarka gjekk på byte mellom gardbrukarane frå år til år. Mange rekna difor som så; at gjødsling det eine året kom ikkje til nytte før grannen tok over teigen året etter. Og når gjødslinga ikkje kom dei sjølve til gode, let dei det like godt vere.
Sjølv om bygdene i Gloppen og Breim har noko av det vidaste og beste jordbrukslandet i fylket, var difor utslåttar i utmark og fjell svært viktig fôrtilfang. Utmarksgraset har dessutan etter tradisjonen vore rekna som ekstra næringsrikt. Kring ein fjerdedel av fôret til gardane i Gloppen kom kring 1860 frå utmarksslåtten. Langs Hyefjorden vart alle skorter høgt til fjells slegne med stuttorv og sendt til fjords på løypestreng.
| Løypestrengfeste |
Frå mange hundre meters høgde i Ryssdalshornet sende gardbrukarane i Ryssdal slåtte-graset i såkalla ”meiser”, som rulla av seg sjølve heilt i Breimsvatnet. Her vart dei fanga opp og rodde til gards. Dei not-liknande meisene kunne romme fleire hundre kilo høy, og er tekne vare på i Ryssdals-tunet.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|