Omtalene er ordna etter oppstartsår:
Grunnlagt 1872 av Olai Tenden frå Stryn. Då Tendens Hotell kom i bakleksa, kjøpte Olai Tenden i 1891 eigedom ved kaia på Visnes, og i 1894 stod det storslagne Hotell Central med sveitsarstil og drakehovud ferdig. Like ved låg frå før Visnes Hotell.
Held til i Loen, og er ei av dei største reiselivsbedriftene på Vestlandet, og den største i Sogn og Fjordane. Alexandra er den største arbeidsplassen i Stryn kommune, med 125 tilsette på heilårsbasis.
Starta i Olden på den over 200 år gamle handels- og gjestgjevarstaden i Sjøatunet ved utløpet av Oldenelva.
Kvammes Hotell
i Loen vart grunnlagt 1884 av Bruce Kvamme frå Sunnfjord. Han dreiv også landhandel. Det vart etter konkurs i 1895 kjøpt av nabohotellet
Alexandra Hotell, og kalla Alexandra II. Bygget vart drive som hotell-anneks, og frå 1962 som bustad for hotelltilsette. Huset vart rive 1975 for å gje plass til garasjeanlegg for Hotel Alexandra.
i Stryn, grunnlagt 1887 av Arne Visnes. Hotellet har 30 gjesterom.
Hotel Britannia
i vegkrysset i Utvik sentrum vart bygd på den gamle handels- og ferjestaden i 1890. Det var Johan Loen som då kjøpte eigedomen av
Jacob Neumann Hammer og bygde hotell. Vart i nokre år på 1970-1980-talet drive under namnet Gjestgivergården av Dorothy og Bjørn Blindheim. Sjå elles
Handel og gjestgjeveri i Utvik.
|
Hotel Victoria på Meland. |
Victoria Hotell
på Meland ved nedre ende av Strynevatnet, grunnlagt 1890 av Ragnhild og Isak Meland. Seinare kjøpt og bygd opp att som fjellstove på Videseter i 1903, og utvikla vidare til
Videsæter Hotell.
på den tidlegare ”kapteinsgarden” ved Strynevatnet. Grunnlagt 1890 av Rasmus Kolbeinsson Bødal for pengar han hadde tent på gullgraving.
Hotel Central
på Visnes opna 1894 - sjå "
Tendens Hotell og Central Hotell".
Grunnlagt i Oppstryn 1894 av Thor Hjelle. Hotellet låg stategisk til då turistvegen over Strynefjellet mot Ottadalen vart opna.
|
Valhalla hotell. |
på Tonning i Stryn vart starta i 1899 av Anna S. Ytre-Eide.
Stryn Hotell
var eit hotell som eksisterte kort tid kring 1900 det låg like ved Valhalla.
Olden Mølle
Olden meieri
Oldedalen Meieri og Ysteri
Olden Dampbåtlag
- sjå "
Milepælar i turistnæringa".
vart starta som fjellstove i 1903 då Staten kjøpte ”Victoria Hotell” (sjå over - 1890) på Meland av Isak Meland, og sette det oppatt ved den nye Strynefjellvegen, eit steinkast frå den mektige Videseterfossen (60 meter høg).
Rustøens Reisebyrå
vart starta i 1903, og Skandia Reiser – sjå biografien om Rasmus A. G. Rustøen. ( sjå denne).
Tonning Hotell
i Stryn, grunnlagt kring 1910 av Karolina Kyrkjeide: Vart sidan overteke av Erling Ytreeide, som dreiv hotell fram på 1960-talet.
vart skipa i 1923.
Brixdal Hotel
i Briksdalen frå 1924 – sjå
Yris Hotell i Olden.
Smeby Hotell
i Stryn, grunnlagt 1926 av Johannes Ytreeide, som før det hadde drive overnatting i mindre målestokk. Hotellet hadde 36 senger, og vart ikkje bygd opp att etter at det brann ned i 1971.
Skaare Pensjonat
i Oppstryn, bygd i 1931 av Johanne Skaare, som sidan 1924 hadde drive landhandel i bygda.
Bygginga av Karistova på Utvikfjellet starta i 1936, og vart drive som kafé og hotell. Kari Sårheim Hegrenes dreiv gjestgjevarstaden frå starten til ho døydde i 1989.
på Kleivanaset ved Nedrefloen vart starta kring 1937 av Elias Ommedal og ektemaken Julia f. Gjørven.
|
IMI Hotell. (Foto: A. Nybø, NRK) |
IMI Hotell - Misjonsheimen A/S
i Innvik vart starta som Innvik Pensjonat i mellomkrigstida. I 1973 kjøpte Nordfjord Indremisjon pensjonatet, og bygde ut til 38 senger i 1979. Med seinare påbygg har hotellet 66 senger.
Hotellet heiter no Innvik Fjordhotell.
|
Resepsjonen i Olden Fjordhotell. |
Olden Fjordhotell
grunnlagt under namnet Solstrand Gjesteheim i 1953 av Aud Muri. Ved utviding til 80 senger i 1971 vart namnet endra til Olden Fjordhotell. Har etter utvidingar 120 senger. Hotellet held framleis berre sommarope.
Folven Pensjonat
i Oppstryn – no Strynefjell Turistsenter – grunnlagt 1959 av Gunvor og Lasse Folven. Verksemda har også campingplass og eit stort tal hytter.
Utvikfjellet Alpinsenter
opna 1963 - sjå "
Idretten i Stryn" og "
Aktivitets-tilbod for turistane".
Stryn Hotell A/S
vart grunnlagt 1971 av Judith Hagen, som først starta kro og kafeteria, og seinare bygde ut for overnatting. Ved påbygg i 1982 fekk hotellet 50 senger, og ved ny utviding 1992 tilsaman 70 senger. Vart i 1991 overteke av Ole Kristian Nedberge, som driv hotellet som kombinert turist- og samfunnshotell.
Gjestgivergården
- sjå Britannia hotell lenger oppe.
Rickards hotell
i Loen opna ca. 1971 – sjå
Alexandra Hotell.
|
Loen hotell. (Foto: A. Nybø, NRK) |
Loen hotell
- tidlegare Rickards hotell i Loen opna ca. 1971 – sjå
Alexandra Hotell.
Stryn Sommarskisenter
på Strynefjellet opna alpinanlegget i 1972 - sjå "
Idretten i Stryn" og "
Aktivitets-tilbod for turistane".
Cruiseskipskaia i Olden
vart bygd i 1992 av forretningsmannen
Aslak Lefdal. Nordfjord Havn (sjå
Måløy havnevesen – Nordfjord havn) har sidan overteke anlegget, og utvida kaia for 30 millionar kroner i 2008.
- Sjå elles Nor-Import.
Hotell Loenfjord
i Loen opna 1996 – sjå
Alexandra Hotell.
|
Hotell Loenfjord i Loen. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Innvik Fjordhotell
– sjå IMI Hotell, Misjonsheimen A/S.
Briksdal Breføring AS
vart skipa i 1996 av Frode Briksdal, Per Briksdal og Roger Haugen. Firmaet har 10-12 tilsette i sesongen og driv med bre- og fjellføring, rafting og anna vassport.