Moelven Bruk har sitt hovudsete i Brumunddal.
Første planen var å leggje fabrikken til Stryn, men der kunne ein ikkje garantere nok elektrisk kraft. Det kunne utvikarane – frå to småkraftverk i Utvik og på Tistam.
I stranda mellom Utvik og Tistam vart det bygd ein etter den tids målestokk stor trevarefabrikk som vart den største arbeidsplassen i denne delen av kommunen.
Frå vindauge til dører
Frå starten og fram til 1980 bygde bedrifta seg opp til å bli ein av landets største produsentar av vindauge, men har sidan spesialisert seg på dørproduksjon.
Fjordtre A/S
I 1984 skifta fabrikken namn til Fjordtre A/S. På slutten i 1980-talet fekk Fjordtre økonomiske vanskar, og Brumunddal-firmaet trekte seg ut. Utvikaren
Ola A. Valaker fekk då bygdefolket med på å teikne sksjar i eit nytt selskap som kunne drive dørfabrikken vidare under namnet
Fjordtre Produkter A/S. Under leiing av adm. dir. Arnt Hovland frå Sogndal har Fjordtre utvikla seg til å bli ein av Skandinavias største dørprodusentar. I 1997 starta Fjordtre Produkter oppkjøp av dørfabrikkar i utlandet, først i Sverige og Skottland, og seinare i Finland og Danmark.
Dooria AS
I 2002 bytte konsernet namn til Dooria AS. I 2005 kjøpte Dooria tre svenske dørfabrikkar. Dooria hadde ein marknadsandel på 20 prosent i Noreg og 30 prosent i Sverige før dei siste oppkjøpa, ei årsomsetning på 450 millonar kroner og tilsaman 340 tilsette.
I dag har bedrifta i hovudsak lokale eigarar, med Utvik Elektrisitetsverk som storaksjonær. Fabrikken i Utvik har kring 65 tilsette.
|
Tomta der dørfabrikken i Årdal skal byggjast. Foto: Arne Eithun, NRK. |
Dørfabrikk i Årdal
I 2005 vedtok Dooria AS å investere 25 millionar kroner i ein ny dørfabrikk på 8000 kvadratmeter i Bukkhaugdalen på Årdalstangen i Årdal kommune. Fabrikken fekk kring 60 arbeidsplassar frå starten i 2007. Fabrikken går inn som ein viktig lekk i arbeidet med å skaffe nye arbeidsplassar i Årdal etter kvart som Hydro trappar ned aluminiumproduksjonen ved Årdal Verk. SIVA står for reising og som eigar av industribygget i Årdal. Utleigebygget kostar 60 millionar kroner, og Innovasjon Norge gjev Dooria-fabrikken til saman 43 millionar kroner i lån og utviklingstilskot. Også Hydro støttar prosjektet økonomisk.