I gamal tid kvidde ein seg ikkje på avstandar for å sanke vinterfor til buskapen. Bygdebøkene fortel at fleire gardar så langt unna som i Kvamsøy hadde utslåtter i dei bratte liene langs Fjærlandsfjorden.
Veda-jekter til by'n
Folk dreiv elles lauvsanking, hogging av tønneband og vedhogst i stor stil på slike teigar i bratte fjordsider. Når veden skulle til Bergen, vart førings-jektene antan dregne med robåt eller med tau frå land frå teig til teig innover stranda for å samle opp veden frå dei ymse teigane. Ved mange teigar vart det rigga til spesielle "vedabryggjer" for lasting av ved.
I Vetlefjorden vert det fortalt at det årleg vart hogge 300 mål ved.
Store gardar
Både i Sværefjorden og Vetlefjorden har det frå gamalt av vore det som i Vestlands-målestokk må kallast storgardar: På garden Eiken som ligg nede ved sjøen i Vetlefjorden, vart det i 1667 registrert 40 storfe og 4 hestar. Den hadde også skogateig i
Frønningen, og jekter for vedaføring.
Garden vart fleire gonger råka av stor skredulukker, m.a. i 1718, då mykje av dyrkingsjorda vart rasert (sjå "
Ulukker og naturskader i Balestrand").
Også garden Ulvestad hadde stor buskap: I 1845 er bruket ført opp med 30 storfe, 40 sauer og 3 hestar. Likevel flytta denne huslyden til USA i 1850, slik svært mange frå
Sværen, Torsnes og Ulvestad gjorde på den tida.
På garden til Tor Sværen i Sværefjorden var det i 1865 45 storfe, av dette kring 30 mjølkekyr som gav 500 kilo smør i året, og det vart avla 3500 kilo korn. Bonden hadde 3 tenestejenter og dreng, og hadde i alt 15 personar i kosten.