|
Frønningen. (Foto: Aasulv Austad, NRK) |
I ei sak frå 1593 går det fram at den norske adelsmannen og kanslaren Hans Pederssøn til Sem i Vestfold eigde Lagmannsåsen - dvs. fjellplatået på Frønningen, der den eldste busetnaden var. Han hadde truleg arva eigedomen frå mora, fru Inger til Austrått. Hans Pederssøn døydde i 1603, og eigdomane vart selde. Kring 1630 dreiv rike borgarar i Bergen sagbruk der.
I 1647 kom Lem-slekta som eigarar av Lagmannsås. Denne slekta kjem opphaveleg frå Brügge i Belgia, og stamfaren til den norske slektsgreina var fut i Brunlanes, Nils Pedersøn Lem. I 1651 fekk sonen Peder Nilssøn Lem (1617-1676) også skøyte på Frønningen, dvs. eigedomane nede ved sjøen.
Men langt inn på 1700-talet styrde Lem-folket Frønningen-godset med forpaktarar. Den første godeigaren som slo seg ned der var Hans Sørensen Lem (1714-1781) i 1740. Kona Sophie Christine (1728-1759) kom frå ei anna kjend Sogneslekt: Heiberg.
|
Herskapshuset på Frønningen. |
I 1745 bygde Hans Sørensen Lem eit stort herskapshus i to etasjar på godset. Dette huset vart rive i 1900 og gjenreist som bustadhus på garden Uppigarden på Voll (sjå "
Gamle bygningar i Lærdal"). I staden bygde Rumohr det storslagne våningshuset som står i Frønningen idag. Han bygde også eit stort sagbruk.
Frønningen var fast stopp for rorskarane på postrutene på Sognefjorden, og i 1842 kom Ivar Aasen til Frønningen med ein av postbåtane frå Klevold (sjå "
Postrutene langs Sognefjorden"). Han overnatta hjå godseigaren i Frønningen før han heldt fram studieferda si til Lærdalsøyri. Heilt frå Fylkesbaatane starta si første rute på Sogn i 1858, sytte godseigaren på Frønningen for at bygda fekk rutestopp.
|
Interiør i det storslagne våningshuset. |
Lem-slekta vart gifta saman med andre riksmanns-slekter i Sogn - m. a.
Rumohr-slekta på Rikheim i Lærdal (sjå også:
Storgarden Rikheim), og frå 1869 overtok Rumohr på Rikheim Frønningen-godset då Hans Sørensen Lem (1815-1869) døydde barnlaus. Utbygging av eit nytt, stort sagbruk i 1885 skapte mange nye arbeidsplassar. Bygda fekk relativt stor tilflytting.
Frønningen i nyare tid
Tidleg på 1900-talet talde grendene på Frønningen over 100 personar, men var i 2001 kome ned i omlag 20 fastbuande. I første halvdel av 1900-talet vart det gjort forsøk på drift av ei sølvgruve i Buadalen, og og i ei gruve omlag 100 frå sjøen på Solsnes vart det drive ut jernmalm.
I dei siste vekene av 2. verdskrig i 1945 heldt Milorg-gruppa "Siskin" til i Frønningen, der den hadde store våpenlager i gruva på Solsnes, og bygdefolket hjelpte m.a. til med brødbaking og annan proviant.
Ny køyreveg frå sjøen til Frønningåsen vart bygd i 1968.
|
Herskapshuset er ope for omvising. |
Frønningen høyrde fram til 1992 til Leikanger kommune. Då vart bygda innlemma i Lærdal kommune, samstundes som Feios og Fresvik vart skild frå Leikanger og lagde til Vik.
Bygdefolket skipa Frønningen Grendalag i 1991. Det har gjort ein stor innsats for skape nye arbeidsplassar og å berge infrastruktur som rutesamband og skule. Frønningen Turistservice starta m.a. eigen restaurant i 1998, og driv også ein liten landhandel ved kaia. Turistar får omvising på den gamle oppgangssaga, i det store herskapshuset og i
|
Knut Rumohr har samla gamle sognehus på gardsmuseet. |
dei gamle Sognehusa som kunstnaren
Knut Rumohr har samla på gardsmuseet. Idag er det son til Knut, Wilhelm Rumohr, som eig Frønningen. Gjennom selskapet Frønningen Skog driv han utleige av hytter og hus og utleige av jakt. Sidan Lærdalstunnelen opna i 2000, har bygda hatt fergesamband til Kaupanger annankvar dag, og har elles skipa eige båtselskap som driv bygderute og charter-trafikk.
|
Skogen på Frønningen. (Foto: Stein Magne Os, NRK) |