Eksamen frå Volda Lærarskule 1941. Arbeidde 1941-1942 som lærar i Audnedal og Hegebostad i Vest-Agder. Styrar ved framhaldsskulen i Årdal 1942-1943 og rektor ved Årdal Realskule 1943-1945. Rektor ved Oppdal kommunale realskule 1945-1956. Frå 1956 vart Åm ein av pionérane ved innføring av 9-årig skule i Noreg ved at han vart styrar for ein slik forsøksskule i Ørsta. Liknande forsøksskular kom samstundes i gang i Sykkylven og Malm i Trøndelag.
Skuledirektør i Sogn og Fjordane 1963-1985. Åm var 1965-1970 medlem av Steen-komitéen som greidde ut reformer i den vidaregåande skulen i Noreg, der tidlegare gymnas og yrkesskular vart integrerte.
I 1969 la han som skuledirektør i Sogn og Fjordane fram den første planen i landet basert på det nye skulemønsteret.
Olav Åm har vore ein skatta foredragshaldar og kåsør. Han gav i 1964 ut to lærebøker i matematikk for ungdomsskulen, var redaktør for nynorskdelen i Hermes Leksikon (Hermes Forlag 1979) som var det første leksikon med både nynorsk- og bokmålstekst. I 1999 gav han ut diktsamlinga "Fykande frø" – gjeven ut som lydbok i 2005 der Åm sjølv les dikta. (Skald Forlag).
Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i februar 2003.
Far til
Magnar Åm.