Det starta i Luster
|
(Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK) |
På same vis som med konservespionéren
Halvard Drægni, starta også Lerum verksemda si i Luster: I 1906 starta det unge paret
Nils Hansson Lerum og Kari Hansdotter Ørbech med landhandel i heimbygda Sørheim på austsida av Lustrafjorden. Her tok dei imot m.a. bringebær som folk fekk byte i kjøpevarer. For å berge desse bæra, starta dei saftproduksjon i mindre målestokk. Dei bygde ein liten fabrikk i 1909. Denne vart restaurert i 1997.
I 1918 var produksjonen i den vesle fabrikken komen opp i 40.000 liter saft og 20.000 kilo syltetøy.
Lerum kjem til Sogndal
I 1919 flytta Lerum produksjonen til Sogndal og skipa A/S N. H. Lerums Saftfabrikk med grunnleggjaren
Nils Hansson Lerum som hovudaksjonær. I 1920 tok Lerum i bruk ein ny, stor konservesfabrikk på ei sjøtomt like ved Sogndalsfjøra.
|
Saftproduksjon ved N. H. Lerums Saftfabrikk A/S. (Foto © Lerum) |
|
(Foto © Lerum) |
Dette skjedde på same tid som også Halvard Drægni flytta frå Skjolden til ein ny, stor fabrikk på Hermansverk. Isproblema i Lustrafjorden var avgjerande for at Drægni flytta ut, og det same var truleg i tankane til Lerum også?
Lerum dreiv i mellomkrigstida aktiv marknadsføring av produkta sine, og vann m.a. gullmedaljar for produkta på Landsutstillinga i Bergen i 1928.
Også vinproduksjon
|
Lerum sin fabrikk i Sogndalsfjøra på 1920-talet. (Foto © Lerum) |
I åra 1916-1927 var det forbod mot omsetning av brennevin i Noreg, noko som m.a. førte til mykje smugling. Frå 1917 var det også forbod mot sal av vin. Då forbodet vart oppheva i 1927 var Lerum ein av dei norske saftfabrikkane som starta med produksjon av fruktvin. Denne vart selt under merket "Gilde". Vinen var framstilt av rabarbra. Vinproduksjonen tok slutt kring 1935.
Etter nokre år trekte N. H. Lerum seg tilbake til styreleiarposten og overlet disponentjobben til Kristian Offredal fram til 1950. Men han sjølv sat som styreformann fram til 1961.
|
Konsernsjef Kåre Lerum. (Foto: T. Sivertstøl, NRK) |
I 1950 vart så sonesonen til grunnleggjaren,
Karl Lerum disponent, og sidan har sønene
Kåre Lerum f. 1939 og
Bjarne Lerum f. 1941 vore med i den daglege leiinga av verksemda. Til syskenflokken Lerum høyrer også ei kjend forretnings- og organisasjonskvinne, hotelldirektør
Gerd Kjellaug Berge ved
Selje Hotell.