Lerum-konsernet i Sogndal er ein av dei største produsentane av saft, syltetøy og leskedrikkar i Noreg, og er i 2003 den største industriarbeidsplassen i Sogndal kommune.
Anlegga i Sogndal sysselset i 2003 190 personar i Lerum Fabrikker og 22 personar i Lerum Konserves.
Lerum starta verksemda si på Sørheim i Luster, og flytta i 1919 til Sogndal. Frå 1982 til 1991 dreiv også Lerum ein stor produksjon av syltetøy på Hermansverk, der dei tok over det konkursråka
Bergens & Drægni Produkter.
|
Fremst er Lerum sin fabrikk i Sogndalsfjøra på 1920-talet. (Foto © Lerum) |
På same vis som med konservespionéren
Halvard Drægni, starta også Lerum verksemda si i Luster. Men i 1919 flytta Lerum produksjonen til Sogndal og skipa A/S N. H. Lerums Saftfabrikk med grunnleggjaren Nils H. Lerum som hovudaksjonær.
Fabrikken i Sogndal vart utvida med eit nybygg. I 1974 kjøpte Lerum eigedomane til den nedlagde Sognefjordens Uldvarefabrik og bygde dei om til ein stor konservesfabrikk. Denne vart gjort til eige selskap under namnet L/L Sognesaft.
|
Pepsi var viktig for Lerum. (Foto: T. Sivertstøl, NRK) |
I 1982 gjekk Bergens & Drægni Produkter AS på Hermansverk konkurs, og Lerums Saftfabrikk kjøpte anlegget for 3,2 millionar kroner. Selskapet fekk avtale med Pepsi.
Men samarbeidet med Pepsi gjekk ikkje problemfritt. Mykje på grunn av denne samarbeidsavtalen gjekk Lerum med eit underskot på 2,1 millionar kroner i 1980. Også syltetøyproduksjonen svikta. Problema gjorde at Lerum no delte opp verksemda i fleire selskap.
|
Kåre Lerum overtok som konsernsjef i 1976. (Foto: NRK) |
Med sterk støtte frå SND vart eit nytt stort produksjonanlegg for drikke teke i bruk på Kaupangerskogen i 1995. Fabrikken i Fjøra vart modernisert i 1997.
I 2003 er Lerums industriverksemd delt mellom selskapa Lerum Fabrikker AS og Lerum Konserves AS.