|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Krigshistoria i Stryn: Naudlanding og kampar på Strynefjellet | Flyet som styrta ved Grotli. Foto: Josef Auchtor |
27. april 1940 var ein tysk Heinkel 111 H-1 på bombetokt i Romsdal då det kom i kamp med to engelske Blackburn Skua kampfly. Publisert 05.02.2006 20:29. Oppdatert 12.03.2007 14:55.
Hekkskyttaren ombord vart drepen og det tyske flyet så mykje skadd at det måtte naudlande på Strynefjellet ved Grotli. Eitt av dei engelske flya fekk motorstopp og naudlanda like etter på Breidalsvatnet ei halv mil unna. Dei overlevande frå begge mannskapa søkte ly i same hytta, og valde å leggje ned våpna. Neste dag var ein norsk patrulje på 20 mann på Strynefjellet for å reparere telefonlina då dei oppdaga kva som hadde hendt. Under arrestasjonen av tyskarane, trekte ein tyskar pistol og vart skoten. Dei andre tyskarane vart arresterte og førde til Nordfjordeid, og seinare til England.
I 1974 vart det britiske Skua-flyet heva frå Breidalsvatnet der det naudlanda, og vart restaurert. Vrakdelane etter det tyske Heinkel-flyet ligg framleis i fjellet ved Grotli.
Den 6. mai kom ein britisk tropp på 29 soldatar på rømming vestover Strynefjellet. Her vart dei plukka opp av lastebilsjåfør Kristian Egge, som skyssa dei til Nordfjordeid. Britane vart seinare skyssa ut til kysten og frakta over til England.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|