Skilletoppknapp fylkesleksikonSkilleNynorsk mediesenter GUL logo toppknapp 115pSkilleLokalradio på internett toppknappSkille_slutt
Val 2003 Sogn og Fjordane 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Val 2003 Sogn og Fjordane
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
NRK SOGN OG FJORDANE I LYD OG BILETE
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
NRK Sogn og Fjordane
Boks 100,
6800 FØRDE
Tlf: 57 72 42 42
Distriktsredaktør

 

Vil styrke næringslivet med betre vegar

Høgre vil styrke næringslivet i Sogn og Fjordane ved å gjere vegane betre. Dette vart framheva ved valkampopninga i helga og er ei av hovudsakene som Høgre går til val på.

Publisert 18.08.2003 09:29. Oppdatert 18.08.2003 09:32.
Av Ragnhild Eikenes og May Helen Vik

Og for å finansiere dette arbeidet med betre vegar, vil dei selje fleire fylkeskommunale aksjar.

Vil styrke næringslivet

Å få betre vegar for å styrke næringslivet er ei viktig sak for Høgre det komande valet. Dette byggjer på at det er kome signal frå næringslivet om at dårlege vegar er eit stort problem, sier fylkesleiar i Høgre, Liv Stave.
-Det som blir sagt frå næringslivet si side er at det er fordyrande når vegen går i bakke opp og bakke ned. Dersom det istaden var raske og greie vegar ville det bli enklare å drive for bedriftene i Sogn og Fjordane, seier ho.

Og no vil Høgre bruke pengane frå sal av aksjar til å ruste opp vegstandarden i fylket og gje næringslivet betre vilkår. At Høgre går inn for sal av fylkeskommunale aksjar, forklarer Stave slik.
-Høgre går til val på at Fylkeskommunen skal avviklast, og då er det er ein naturleg konsekvens av dette at aksjar vert selde og brukt til investeringar i fylket.

Venstre ueinig

Også Venstre hadde valkampopning i helga. Både andre, fjerde- og femtekandidatane på Venstre si fylkestingsliste er frå Nordfjord, og Venstre valde å dra i gang valkampen sin på Eid.


I ei av dei viktigaste valsakene til Venstre står dei diametralt i motsett posisjon samanlikna med Høgre, seier Venstre sin fylkessekretær, Liv Henjum.
-Vi meinar at fylkeskommunen bør behalde det aksjetalet i Fjord 1 og Sogn og Fjordane Energi som vi har per i dag.


Henjum meiner Høgre har mista noko på vegen når dei argumenterer for å selje Fylkeskommunen sine aksjar i Fjord 1.
-Det Høgre ikkje seier noko om er korleis dei vil kompensere for det tapet som blir når aksjeutbyttet fell bort. Dette er inntekter som går inn i drifta, og det blir manko i drifta dersom fylkeskommunen skulle tape dette utbyttet, seier Henjum.

Siste saker:

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 

Ordførarkabalane er lagt

Ordførarkabalen er klar i alle kommunane i fylket. Her kan du få oversikten over alle kommunestyra og ordførarar i fylket etter valet i haust.
LES OM VALET I KOMMUNEN DIN

Alle artiklane frå Val 2003

Her kan du sjå den oppdaterte lista over alle artiklane frå valet 2003 i Sogn og Fjordane (klikk "Meir"):

Skråblikk på valet

Det er som oftast røynde, gråspetta menn som meiner og synsar når det er valkamp og val. Vi ba den yngste jenta i redaksjonen vår om å ha skråblikk på valkampen.

Eit spørsmål om å vere interessant

Då staten tok over sjukehusa mista fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane sitt beste virkemiddel for å gjere seg interessante for folk flest i fylket. Det store spørsmålet er korleis dei skal gjere seg interessante i framtida.

Møt politikarane på internett

Nettmøta kan du følgje direkte på valsidene våre på internett. Svara frå politikarane finn du etterkvart her.

Heimesidene til partilaga

Her finn du lenkjer til dei politiske partia som stiller lister i Sogn og Fjordane.

Kommune- og fylkestingsval 15. september

Kommune- og fylkestingsvalet i 2003 skal haldast måndag 15. september. På desse sidene kjem artiklar frå Sogn og Fjordane om valet. Framfor valet er det gjort ei rekkje endringar i Vallova:
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no