|
Ordførar Trude Brosvik |
Ta halve forsvarsbudsjettet og bruk det til å styrke eldreomsorga i Norge. Det meiner sentralstyremedlem i Kristeleg Folkeparti og ordførar i Gulen kommune, Trude Brosvik. Ho er lei rikspolitikarar som no i valkampen lyfter peikefingeren mot dårleg eldreomsorg, utan å sjølve å bidra med pengar.
Av
Frode Søreide og
Ragnhild Eikenes
- Eg kjenner at eg blir frykteleg provosert når dei kvar kveld kjem inn i tv-ruta og hevar peikefingeren mot kommunar som ikkje gjer jobben sin. Dette er eg grundig lei av, seier Trude Brosvik.
- Ta frå Forsvaret
Eldre som blir vekte om natta for å bli dusja har fått rikspolitikarar til å heve røysta mot måten kommunane behandlar dei eldre. Men at dette skuldast trong kommuneøkonomi, ser ikkje ut til å gå inn på rikspolitikarane, meiner sentralstyremedlemmet i Kristeleg Folkeparti. Ho meiner løysinga er å ta frå Forsvaret.
- Eg etterlyser at dei fylgjer tanken sin heilt ut. Når dei vedgår at der manglar pengar, må dei skaffe dei pengane. Nokre seier ein må ta fondsmidlar, men eg trur faktisk på finansmiljøet som seier dette er lite gunstig for næringslivet vårt. Difor trur eg dei må ta den sure jobben med å omfordele innan statsbudsjettet. Og; okei då, lat oss prioritere eldreomsorg, og så får forsvarsbudsjettet nedprioriterast.
Fryktar uverdig tilbod
Gulen kommune må sjølv kutte åtte millionar kroner innan pleie og omsorgssektoren for å få budsjettet i balanse, og ho er redd dette vil medføre eit uverdig tilbod til innbyggjarane. Og då er tross alt eldre viktigare enn eit stort forsvar, meiner Brosvik.
- Eg meiner at det å gje ei verdig eldreomsorg, er ein av dei to viktigaste tinga vi skal utføre som kommunar, seier Krf-ordføraren.