Mjøsbrua

MJØSBRUA: Bind Hedmark og Oppland saman.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Redaksjonelt rekneskap for NRK Hedmark og Oppland

NRK Hedmark og Oppland skal vere ein truverdig og uavhengig nyheitsformidlar. Det er hovudoppgåva. Les om kva distriktskontoret leverte til publikum i vårt redaksjonelle årsrekneskap for 2015!

Innholdsoversikt:

  1. Intro
  2. Nett og mobil
  3. Truverdig og uavhengig
  4. Den vanskelege maten
  5. Arbeidet med presseetikken
  6. Dei gode historiene
  7. Val 2015
  8. Radio og tv
  9. Eit rikt kulturliv
  10. Å vere framand
  11. 70 år sidan freden
  12. Frå Hedmark og Oppland til heile landet
  13. Nedbemanning og omstilling
  14. Tips oss
  15. Distriktsprogramrådet

På kryss og tvers

Frå Finnskogen til Snøhetta, frå Vang i Valdres til Lunner! NRK Hedmark og Oppland er det einaste mediehuset som dekker heile Innlandet og såleis kan sjå heile den store regionen under eitt. For å vere tett på publikum og nært hendingane når noko skjer, har vi enkeltmedarbeidarar og redaksjonar fleire stader

Fordi vi ofte er raskt ute med nyheitene og lukkast i å fortelje dei unike og engasjerande historiene, når vi ikkje berre publikum i Hedmark og Oppland, men heile landet. I Dagsrevyen, i Norge Rundt og Norge i Dag og på NRK.no. Slik bidreg vi til å sette regionen på kartet - og vise at her er det både dramatiske og hyggelege hendingar.

Frå lokalradio til Facebook – NRK på nett og mobil

NRK Hedmark og Oppland

LOKALT: NRK Hedmark og Oppland er tilstades i begge fylka våre. Her er mange av dei som arbeider på kontoret i Elverum.

Foto: Stig Karlo Helstrøm / NRK

Nyheitene skal først ut på nett og mobil. Her publiserer vi også først den grundige journalistikken vår. Og ikkje minst, her legg vi meir og meir video og nett-TV.

Å kunne tilby publikum stadig meir live TV på nett og mobil skal vi strekke oss etter i åra som kjem. Kvifor? Jo fordi publikum i stadig større grad går til mobilen for å finne nyheitene. TV-journalistar og fotografar kan fortelle historier med video og enkelt overføre livesending frå nyheitshendingar, debattar eller kulturarrangement. Sakene finn du på NRK.no/ho. I artikkelen nedafor vil du finne fleire eksemplar på store nettsendingar.

Først kom lokalradioen i P1. Så kom Østnytt på NRK1. Så kom nettsidene våre – og så kom sosiale medier. Og det vart den storste skilnaden. Ingen har endra medievanene våre slik som Facebook, meir enn tre millionar nordmenn nordmenn er på Facebook nå. Difor publiserer vi nyheitene her samtidig som på mobil, vi veit at stadig fleire av våre

brukarar kun finn oss her.

Dette er dei ti mest leste saka våre i 2015:

  1. Svindler Nav for millioner med ferieturer til utlandet
  2. Unge føler seg presset til å delta på treningsutfordringer i sosiale medier
  3. Ferieturen til Mallorca ble et mareritt: – Det var drapsforsøk på naborommet
  4. Pia (18): – Jeg ble misbrukt i sju år. Mamma ble redningen
  5. Helsesøstre bekymra: – Klemmeposer kan føre til språkproblemer
  6. Dette bildet felte ekspolitimannen
  7. Elena (100): – Jeg jobbet for nazister, kommunister og amerikanere
  8. Fant 2500 år gamle mumier på museumslager i Oslo
  9. Urolog om tabu rundt kreft: – Dette bør du sjekke i underlivet
  10. Stadig flere tar slike bilder uten at du vet det

Nett- og mobiltall 2015

Tall pr. dag

2014

2015

Endring%

Unike brukere PC

28950

27566

-5

Unike brukere mobil

13324

16308

22

Sidevisninger

66134

66743

1

Mobilandel sidevisninger

28

34

21

Truverdig og uavhengig

Daglig oppslutning TV og radio

2014

2015

Snitt på distriktskontora, radio

33

28,9

Radio i Hedmark og Oppland

37,9

32,9

Snitt på distriktskontora, TV

19,7

18

Østnytt

22

19,9

Som du vil sjå av den redaksjonelle årsrapporten, er nyheitsåret 2015 prega av gode enkelthistorier eller sakskompleks. Men fordi vi er det einaste mediehuset som dekker heile Innlandet må vi greie å sjå heile regionen under eitt. Vi bør dekke dei kontroversiell Innlandssakene utan geografisk slagside. Det kan til dømes handle om sjukehus eller høgskolediskusjonen. Og vi må kunne sjå dei felles utfordringane, på tvers av fylkesgrenser og regionar. Men viktigaste av alt: Vi skal vere ein truverdig og uavhengig nyheitsformidlar.

Så har vi nokre evige konfliktar som som engasjerar breitt i heile landet der vi skal ligge framst i dekninga og tilby saker til heile landet. Her er det nok å nemne rovdyr mot husdyr. Og i fjor var det rettssak etter eit ulvedrap som vi fulgte tett.

Den vanskelige maten

Ariana Moraru og Kristoffer Bakkejordet lager mat

GODE VANAR: Ariana Moraru og Kristoffer Bakkejordet lagar mat i Fagernes barnehage.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

Nokre born blir overvektige, andre er tynne og små og liker nesten ikkje noko av det du sett fram til dei. Mor og far prøver å lure i dei mat, og måltida kan bli ei påkjenning for både store og små. Men er det mange som slit?

Tips vi hadde fått gjorde at var vi ville undersøke temaet grundigare. Journalistane Ragnhild Moen Holø, Sigrid Havig Berge, Hanne Stine Kind og Ann-Kristin Mo fekk satt av ein periode til temaet.

Det viste seg at vi rørte ved noko som mange foreldre kunne identifisere seg med. Vi møtte ein gut som berre hadde ete barnemat fram til han var 12 år, og vi besøkte helsesøstre og barnehagar som tek ansvar og serverer sunn mat. Og kva med mat som ungar «suttar» i seg, det er kanskje ikkje berre sunt det heller?

Her er nokon av sakane vi endte opp med å lage.

Calle spiser fra klemmepose

KLEMMEPOSE: Helsesøstre er bekymra. Dei fryktar at dei populære klemmeposane kan gje språkproblemar.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Arbeidet med presseetikken

Alt arbeidet vårt er underlagt dei etiske reglane til presseorganisasjonane, felt ned i redaktørplakat og Vær Varsomplakat. Vi har som mål å ikkje bli felt i PFU. Likevel skjer det brot på pressereglane. I fjor vart NRK felt i seks sakar, og vi vart felt i ein av dei.

I februar gjekk kjøkkenprodusenten Kvalsvik AS på Dombås konkurs. Verksemda var omstridt og vi dekka saka over fleire dagar. Seinare klaga styreleiar Geir Kvalsvik oss inn for PFU. Dei slo fast at vi braut god presseskikk da Kvalsvik ikkje fekk samtidig imøtegåelse på sterke skuldingar mot han.

Per Arne Kalbakk

ETIKKREDAKTØR: Per Arne Kalbakk vart i 2015 NRKs første etikkredaktør.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Dette skriv PFU: I Vær Varsom-plakatens punkt 4.14 heter det blant annet: «De som utsettes for sterke beskyldninger skal så vidt mulig ha adgang til samtidig imøtegåelse av faktiske opplysninger.» Det er ikke tydeliggjort i disse publiseringene at klager er blitt konfrontert med denne påstanden.

Sjølv om målet er å unngå å bli felt, skal det skal ikkje hindre oss i å stille vanskelege spørsmål og avdekke kritiske tilhøve. Ein seriøs nyheitsformidlar skal gjere upopulære redaksjonelle val, men da må vi vere sikre på at vi samtdigi viser god presseskikk.Våre journalistar og redaksjonelle leiarar har alle ansvar for at vi opptrer etisk og redelig overfor kjelder og publikum.

I 2015 fekk NRK sin første etikkredaktør, Per Arne Kalbakk. Han skal gje råd og opplæring om etikk. Det viktig å huske at redaksjonell etikk handlar om langt meir enn klagar til PFU. Gjennom eitt år har NRK kontakt med hundrevis av intervjuobjekt og lisensbetalarar som har synspunkt på journalistikken vår. Vi skal behandle alle med respekt. Vi ønskjer raske tilbakemeldingar slikt at vi kan rette opp eventuelle feil eller unøyaktighetar. Og faktisk viser det seg at dei fleste klager blir løyst ved at vi snakkar saman.Ta kontakt med oss!

Dei gode historiene

100 årige Elena Jacobsen har levd et dramatisk liv

Elena Jacobsen har jobbet for nazister, kommunister og amerikanere. Til slutt slo hun seg ned i Hamar.

Foto: Stig Karlo Helstrøm / NRK

Den russiske revolusjonen i 1917 kastet Elena Jacobsen ut i et dramatisk liv, prega av krig, flukt og kjærleik. Journalist Torunn Myhre og fotograf Stig Karlo Helstrøm møtte 100 år gamle Elena der ho bur på Hamar.

Jeg har jobbet for dem alle. Både for kommunistene, nazistene og amerikanerne. I krig må man kunne sno seg litt for å overleve, seier ho.

For historia om Elena Jacobsen fekk Torunn pris av Hedmark Journalistlag.

100 år gamle Elena Jacobsen i Hamar kan se tilbake på et langt og innholdsrikt liv.

Val 2015

Lokalt og ungt. Det var dei to føringane vi i NRK gav oss sjølve framfor lokalvalet. Å få fleire unge til å stemme er eit ambisiøst mål. Denne gongen sat distriktskontora i førarsetet og la premissa både for lokal og nasjonal dekning.

Valgkommentator for NRK, Jon Helge Lesjø.

VALKOMMENTATOR: Jon Helge Lesjø har i mange år vore vår faste valkommentator.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Nasjonal, slik som eit reisande valshow på beste sendetid i NRK1, ein debattstafett og skarpe journalistiske satsingar i Dagsrevyen og på NRK.no. For ikkje å snakke om Valgomaten – eller nærare bestemt 428 valgomatar, ein for kvar av landets kommunar. For vår del altså 48! Våre journalistar har ringt listetoppane i alle kommunar for å samle inn data slik at folk verkeleg kunne få vite meir om kven dei burde stemme på.

I Hedmark og Oppland hadde vi også store felles satsingar med avisene, mellom anna ein debatt om kommunesamanslåing på Hadeland i samarbeid med avisa Hadeland og ein debatt om rovdyr i samarbeid med Østlendingen. Lyst til å sjå dei igjen?

Linn Sandberg Skarstein var koordinator for valdekninga og ho skriv i ei oppsummering at NRK satte rekord på nett på sjølve valnatta. 120.000 fleire brukte våre tenester sammenligna med stortingsvalet i 2013. Vi hadde sendingar på nett og tv med nær 60 liveteam rundt om i heile landet i tillegg til ei eiga valnattssending på P1.

Valnatta sende vi i nett-tv og innslagsvis på NRK1. Reidar Kjæstad og Marianne Duun Malmo hadde med seg Jon Helge Lesjø i studio og vi la stor vekt på å gje raske valresultat og gode tolkningar og kommentarar gjennom natta.

Helle Therese Kongsrud hadde og med seg eit panel med unge politikarar utanfor sjølve studio. Dei snakka om hva dei var oppteke av, kva dei vil arbeidde for og aktuelle tema.

Ingen anna regional sending hadde så stort publikum som oss.

Programledere valgnatt i Østnytt

VALNATT: Reidar Kjæstad og Marianne Duun Malmo leda valnattsendinga frå Hedmark og Oppland.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Radio og tv

Morgon- og ettermiddagssending i NRK P1 og Østnytt i NRK1 er framleis tilbodet frå oss til deg som er vaksen og bur i Hedmark og Oppland. Vi håper du set pris på innsatsen programleiarane gjer for at du skal synes sendingane er til nytte, glede, hygge og at dei spelar musikk du liker.

Mykje tyder på at dei lukkast i stor grad. Sjølv med ein liten nedgang i 2015 er P1 Norges desidert største radiokanal. Tilsaman utgjer lyttarane på begge sendeflatene 35 prosent.

Dei fleste høyrer på radio medan dei gjer andre ting, lager mat, er på badet, køyrer bil. Men om du har tid og lyst kan du nå også følge ettermiddagssendinga vår på TV – som du ser på pc eller mobil!

Madeleine Cederstrøm

NETT-TV/RADIO: Madeleine Cederstrøm er en av radioprogramlederne du dagleg kan sjå i nett-tv etter at vi starta å strømme radiosendingane våre på nett.

Foto: NRK

Eit rikt kulturliv

Atle Antonsen og Andres Baasmo Christiansen intervjues av Torunn Myhre

KULTURREPORTAR: Torunn Myhre jobbar med kulturlivet i Hedmark og Oppland.

Foto: NRK

Det finst i alle fall ein nyheitsredaksjon i landet der kulturen får større plass enn sporte og det er i NRK Hedmark og Oppland !Kulturlivet er eit avtrykk av innlendingane sin identitet, og det engasjerar mange, både dei som utøver og dei som er publikum. Vi dekker dei store festivalane i regionen og når dei store kunstnarane gjer det godt. Vi dekker lokal revyar og vi dekker museums – og kulturminnesaker. Og vi dekker i særleg grad musikklivet.

Torunn Myhre er vår kulturreportar. Funksjonen hennar er eit spleiselag mellom oss og NRK Kulturnytt. Slik bidrar ho til å sette kulturnyheiter frå Innlandet på dagsorden. Til dømes holdt Turunn tak i den bitre rettssaka mellom Caprino filmsenter på den eine sida og Hunderfossen familiepark og Aukruststiftelsen på den andre. Ho jobba også med momsreglane som knebla mange kulturhus i Norge.

Her kan du høyre reportasja frå da Torunn Myhre, truleg som første journalist i Noreg prøvde VR brillane HTC Vive.

Stein Schinstad innlandsscenen

INNLANDSSCENEN: Stein Schinstad tar kvar veke imot lokala artistar som held minikonsertar på Innlandsscenen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Innlandsscenen

Stein Schinstad er ein av dei som i mange år hadde ivra for å få i gang eit tilbud for å vise fram lokale musikarrar i radiosendingane våre og på nettet og sidan det vart sendt for fysste gong i april 2014, har Innlandsscenen vorte eit begrep.

Kvar veke kjem musikarar til oss og opptrer i studio. Dei er gjester på nett og i radio – og alt finst på YouTube etterpå. Unge og vaksne, nyskapande og tradisjonelle – her er eit stort mangfald. I 2015 hadde vi 40 konsertar, som du kan få eit gjensyn med her. Det har vore 40 unike opplevingar og det er vanskeleg å trekke fram noe høgdepunkt, men Simen Midtlid fra Folldal er ein ung utøvar ein må merke seg navnet til. Musikken hans har blant anna vorte brukt i NRK-serien «Unge lovende».

Simen Mitlid med band spiller på Innlandsscenen.
Ole Edvard Antonsen, Eli Kristin Hansveen og Per Arne Glorvigen

DOMMARAR: Juryformann Ole Edvard Antonsen hadde med seg Eli Kristin Hansveen og Per Arne Glorvigen under finalen på Toneprisen.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

Toneprisen
Den 20. oktober vart Toneprisen arrangert for femte gong. Toneprisen er ei solistkonkurranse for unge under 26 år og er eit samarbeid mellom NRK Hedmark og Oppland, Eidsiva og Toneheim folkehøgskole.

Det var folkesongaren Mari Midtli frå Sel som vann konkurransen. Stemninga ho skapte i Maihaugsalen i Lillehammer under finalen er ikkje til å beskrive, så det er betre å sjå opptredenen hennar.

Vi er stolte over konkurransa og over at den har vorte eit springbrett for unge musikarar til å komme seg vidare!

Lørdag 24.10 vant 18 år gamle Mari Midtli Toneprisen. Her er hennes opptreden.

Å vere framand

I august/september gjekk det opp for oss at flyktningane frå Syria ikkje berre var i leire i Libanon, på greske strender eller ved grensa til Ungarn. Dei kom til Hedmark og Oppland – for mellom anna tomme hotell kunne brukast til akuttmottak.

I redaksjonen bestemte vi oss raskt for at vi skulle dekke det som skjedde tett, på ein konstruktiv og åpen måte. Med å fortelje og beskrive åpent det som skjer kan vi i media vere med på å dempe utryggheit og skepsis.

Journalistisk har det vore ein balansegang. Vi skal avsløre svakheiter i systemet og utfordringar for små bygdesamfunn samtidig som vi viser fram frivillige som står på for å for å hjelpe og lar flyktningane sjølve komme til orde med sine forteljingar.

Men historia viser at du kan kjenne deg som ein framand, sjølv om både foreldre og besteforeldre er norske. Romani er eit munnleg språk som nå har vorte skriftleg og i 2015 kom det første boka på romani ut, først omtalt hos oss.

Armanj Ibrahim

HISTORIAR: Karim er ein av dei som har fortalt historia si om ei flukt gjennom Europa.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

70 år sidan freden

Damplokomotiv pyntet med hakekors

PYNTA MED HAKEKORS: NSB hadde eit lukrativt forretningssamarbeid med nazistene under krigen. Dei transporterte troppar, krigsmateriell og jøder for tyskerane.

Foto: Norsk Jernbanemuseum

I mai var det 70 år sidan andre verdskrigen. Krigsjubileum kan vel knapt kallast nyheiter? Men nye generasjonar lar seg fascinere, engasjere og opprøre av krigsdramatikken, overgrepa mot sivilbefolkninga og alle dei menneskelege drama som fants stad.

Vi bestemte oss difor for å leite etter historier som ikkje har vore fortalt før. På Hamar vart det satt opp ei utstilling som avslørte at NSB hadde et lukrativt forretningssamarbeid med nazistane under krigen og transporterte troppar, krigsmateriell og jødar for tyskarane. Kritikerne meinte at NSB må ta eit oppgjer med historia si.

Ei anna historie som rørte oss var den om Kristian Syverud som tilfeldig vart tatt av tyskarane og sendt til Grini da han berre var ein ung gut. Men først var han på Trararo, villaen som var hovudkvarter for det tyske sikkerheitspolitiet i Lillehammer. Vinteren 2015 fulgte teamet vårt Kristian tilbake til Trararo, rett før villaen vart rive.

Kristian Syverud tilbake i skrekkens hus.

SKREKKENS HUS: Kristian Syverud vart holdt fanga i villaen kjend som Trararo. 70 år etter var han tilbake i huset.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Frå Hedmark og Oppland til heile landet

Vi har eit særskilt ansvar for å gjere store hendingar og gode historier får Hedmark og Oppland kjent for heile landet. Det er like viktig som det tilbodet vi gjev regionalt. Kvar dag ligg saker frå oss på NRK.no, kvar dag tilbyr vi saker til Dagsrevyen og Norge i Dag. I tillegg produserer vi større program for NRK1.

Og ikkje minst: I Elverum har vi ein eigen liten Ut i Naturen-redaksjon med ansvar for store enkeltproduksjonar og seriar. I 2015 var Naturlig Helaften produsert her hos oss, med programleiar Kari Toft og fotograf Reidar Gregersen i viktig roller.

Kari Toft på opptak med utstoppet fugl

UT I NATUREN: Kari Toft har det ho sjølv omtalar som verdas beste jobb. Ho er programleiar i Ut i Naturen.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Nedbemanning og omstilling

Det er store utfordringar for alle i mediebransjen. Rammevilkåra endrar seg, inntektene endrar seg og publikum endrar seg. NRK har til nå ikkje vore så hardt råka som lokalavisene, men i 2015 var også Distriktsdivisjonen råka av økonomiske kutt.

NRK Hedmark og Oppland nedbemanna 15 årsverk, det var 20 prosent av staben. Det meste av dette vart løyst med frivillige løysingar. Det vil si sluttpakkar og AFP.

Samtidig som vi har vorte færre, aukar takta på omstillingane. Vi skal levere med kvalitet og fart til nett og mobil. Og produsere radio og TV-sendingar meir effektivt.

I 2015 vedtok leiinga i NRK at distriktskontora reint administrativt skal samlast i fem regionar. Hedmark og Oppland blir med i region Midt, saman med Trøndelag og Møre og Romsdal. Regionane skal styrast av ein regionredaktør, men distriktsredaktøren har framleis det redaksjonelle ansvaret i sine fylke.

Tips oss!

For å vere raskt ute med bilde og video har vi ofte bruk av hjelp frå deg som er i nærleiken. Tips oss gjerne, eller send oss video eller bilde på 03030.

Ragnar Nordgreen

DISTRIKTSPROGRAMRÅDET: Ragnar Nordgreen er leiar i distriktsprogramrådet i Hedmark og Oppland.

Foto: Silje Josten Lien / NRK
Distriktspsrogramrådet

Distriktsprogramråda skal uttale seg om hovudlinene i programverksemda ved distriktskontora og i dei programsakene som K-sjefen eller distrikstredaktøren ønskjer å ta opp.

Dei kan og hente inn uttalelse frå rådet i administrative og økonomiske saker. Rådet skal ha fem medlemmar som fylkestinget peiker ut for fire år.

Ragnar Nordgreen frå Lillehammer er leiar. Ellers sit desse i rådet: Wenche Haug Almestrand, Thomas Langeland Jørgensen, Emilie Enger Mehl og Mirjam Engelsjord.

Rådet kan og ta opp klager og om du har noko du vil ta opp med rådet for Hedmark og Oppland, kan du kontakte dei.

Send epost til Ragnar Nordgreen

Send epost til Wenche Kristin Haug Almestrand

Send epost til Thomas Langeland Jørgensen

Send epost til Emilie Enger Mehl

Send epost til Mirjam Engelsjord