Hopp til innhold

Dette betyr Statsbudsjettet for fylket

Millionar til samferdsle, kultur og rassikring er berre nokre av områda som regjeringa vil løyve middel til gjennom statsbudsjettet.

Sigbjørn Johnsen

KLAR: Finansminister Sigbjørn Johnsen presenterer i dag sitt framlegg til statsbudsjett for 2013.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

I dag presenterer regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2013. Etter det NRK erfarer er statens totale utgifter på 1064,9 milliardar kroner.

Millionar til samferdsle

I helga vart det kjent at det blir løyvd store beløp til vidareføring av opprustingsarbeidet på E39, samt at Loftesnesbrua i Sogndal skal erstattast av ei ny.

Fylkeskommunen får ikkje noko ekstra løyving til fylkesvegar i framlegget, men ordninga med rentekompensasjon blir vidareført. Fylket får pengar til fylkesvegar ut frå dei generelle reglane som gjeld.

– Fylkeskommunen har ligge høgt og hatt eit veldig godt driftsresultat, langt over andre fylkeskommunar i landet. Dei får også eit godt budsjett i 2013. Vi får også vidareført rentekompensasjonsordninga på to milliardar, som også dette fylket får sin del av, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

(Artikkelen held fram under avrøystinga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fleire studentar

Regjeringa føreslår å løyve 2,4 millionar kroner til Høgskolen i Sogn og Fjordane for å vidareføre, og trappe opp med nye kull, dei studieplassane som vart tildelt i revidert nasjonalbudsjett dei tre føregåande åra. Dette gir ein auke på 22 studieplassar til neste år.

Regjeringa føreslår ein auke på 888.000 kroner for å vidareføre satsinga på dei nye grunnskulelærarutdanningane, og ytterlegare ein auke på 5,4 millionar kroner i husleigekompensasjon for nytt sentralbygg.

  • KVA MEINER DU OM STATSBUDSJETTET? SEI DI MEINING NEDST I SAKA.

Regjeringa vil styrke teknologi- og ingeniørmiljøa og føreslår ei eingongsløyving på 362.000 kroner til investering i vitskapeleg utstyr.

Ferdigstilling

Det nye sentralbygget ved Høgskolen i Sogn og Fjordane ligg i framlegget inne med ti millionar kroner i 2013 til avsluttande arbeid.

Bygget skal samle høgskulens aktivitetar i Sogndal på Fosshaugane Campus, og skal ferdigstillast andre halvår 2012.

Løyvingar til kultur

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival ligg inne med 5,5 millionar kroner. Dette er ein auke på 600.000 kroner i høve tidlegare. Regjeringa føreslår også å auke løyvinga til Nordisk kunstnarsenter Dale med 500.000 kroner. I framlegget ligg dei inne med 3,4 millionar kroner.

Regjeringa ynskjer også å auke løyvinga til Norsk Country Treff på Breim. Løyvinga er føreslådd endra frå 1,2 millionar kroner, til 1,6 millionar kroner.

Samla er det føreslått å auke løyvinga til musea i Sogn og Fjordane med 2,4 millionar kroner. Dette skal mellom anna gå til drift av kvernsteinsenteret og markering av grunnlovsjubileet i 2014. Tilskotet er føreslått 26,3 millionar kroner.

Regional utvikling

Regjeringa føreslår å løyve kring 96 millionar kroner til regional utvikling. Løyvinga inkluderer middel til kommunale og regionale næringsfond. Løyvinga inkluderer åtte millionar kroner til skjønnsløyving til fylke med regionar og lokalsamfunn med store omstillingsutfordringar.

Sidan 2007 har regjeringa gjeninnført ordninga med regionalt differensiert arbeidsgjevaravgift. Dei områda som ikkje har fått gjeninnført 2003-satsane fullt ut, blir kompensert. Regjeringa føreslår difor at fylket får tildelt kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift.

Forsvaret

Inne ligg også eit utbetringsprosjekt ved Forsvaret sitt anlegg i Vågsøy. Dette er planlagt ferdigstilt 2013.

Det skal gjennomførast tiltak for å effektivisere bruk av energi i Forsvaret sine bygg i fylket, med målsetjing om å redusere energiforbruket med 30 prosent i 2016 i høve til 2006.

Vidare er det føreslått å legge ei ny eining til Direktoratet for forvaltning og IKT i Leikanger.

– Dei får oppretta ei ny eining knytt til eit system for å sjå på korleis ein overheld dei funksjonshemma sine rettar. Dette blir lagt til Leikanger, og vil bety nye arbeidsplassar til den sektoren, seier Navarsete.

Kommunar

Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) seier at kommunane i fylket får ein samla inntektsauke på 4,2 prosent i 2013.

Dette skal dekke meirkostnader til mellom anna samhandlingsreforma, barnehagar, barnevern og auka lønningar og pensjonskostnader.

Saka blir oppdatert.