Hopp til innhold

– Det var ganske tøft

Komikar Rune Bjerga sleit seg gjennom NRK Rogaland sin trøbilkonkurranse; «Top Pedal».

Sjå korleis komikaren, Rune Bjerga, klarte seg i NRK Lokalen sin trøbilkonkurranse; Top Pedal.

►SJÅ VIDEO: Her kan du sjå korleis det gjekk då Rune Bjerga sette seg bak rattet på Top Pedal-trøbilen.

Rune Bjerga gjekk hardt ut då han blei spurt om å delta i serien til NRK Rogaland, der kjende personar konkurrerer i trøbil; Top Pedal.

Det første han lurte på var:

– Kva er rekorden?

– Tommy Fedvang si tid på 33,3.

Den tar eg.

Haustleg morgondogg

Dermed var lista lagt, men på standplass var ikkje komikaren like høg i hatten. Då han såg løypa kom unnskyldningane, som på ei snor.

– Dette må vera den første dagen med snø og is. I alle fall rim. Det må ein jo ta i betraktning når ein skal sjå på sluttida, sa han.

Men det var nok ikkje meir enn litt haustleg morgondogg.

Sjølv om Bjerga sleit i starten, tok det seg veldig opp ut i løpet, og han kom inn på den solide tida 37,2 sekund. Like bak Oilers-spelaren Christian Dahl-Andersen. Rune Bjerga ligg dermed på ein førebels 7. plass.

Var forsiktig i svingen

– Du sikra deg godt i den første svingen, er det typisk deg å spela safe?

– I svingen der tenkte eg at eg måtte vera forsiktig på grunn av andre bilistar, og i respekt for folka med kamera og slike ting. Eg ville jo ikkje køyra på dei, seier han.

– Er du nøgd?

– Like bak Christian Dahl-Andersen, det er bra det.

Sjå korleis det gjekk i videoen ovanfor.