Hopp til innhold

Her tråkkar han inn til rekordtid

Idrettsstjerner, næringslivstoppar og politikarar har prøvd seg. Men det måtte ei Barne-TV stjerne til for å setja ny rekord i «Top Pedal». Sjå video!

Her sett Christian Eriksen ny rekord i NRK ROgaland sin trøbilkonkurranse Top Pedal.

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå den imponerande prestasjonen av Christian Eriksen.

I eit halvt år har NRK Rogaland kvar einaste fredag arrangert tråbilkonkurransen «Top Pedal» med kjende rogalendingar. Først ut var artisten Tommy Fredvang, han trødde inn på tida 33,3 og sidan har ingen greidd å slå han.

Av folk som har tapt i kampen om å vera raskast på trøbil etter Fredvang kan ein nemna Oilers-stjerne Christian Dahl-Andersen, racerbilsjåfør Pål Varhaug og supersyklist Siri Minge.

I dag skulle musikar, skodespelar og Barne-TV skjerme Christian Eriksen prøva seg og forventingane til ny rekord var ikkje skyhøge. Men allereie ved dei første tråkka kunne ein forstå at dette kom til å bli eit minnerikt løp.

32,88 sekund seinare er det offisielt. Han har slått rekorden som har stått i eit halvt år.

– Er det tempoet du held på scenen som gjer deg så sprek?

– Ja, kanskje er det. Eg er eigentleg mållaus og har ikkje ord for alt eg føler nå, seier ein andpusten og svært glad Eriksen like etter løpet.

Han måtte stå tidleg opp for å delta i «Top Pedal», men slår fast at det var verdt det med eit slik resultat å sjå tilbake på.