Endring i fiskeria og motorisering av fiskeflåten gjorde Måløy til det naturlege fiskerisenteret i Nordfjord frå slutten av 1800-talet. I 1900 vart Vågsøy skilt ut frå Selje med 2 eigne kyrkjesokn (Sør- og Nord-Vågsøy).
Etter sterke lokale ynskje, vart så kommunane Sør- og Nord-Vågsøy skilde ut frå Selje kommune i 1910.
Dei sørlegaste bygdene i attverande Selje kommune vart dermed Sørpollen, Hagevik og øya Silda.
I 1929 vart dei første kvinnene valde inn i Selje kommunestyre. Det var Andrea Leikanger og Anna Stokkevåg.
Den rike kremmaren Dankert Wiese fekk kommunestyret med på å dekke tapet då dårleg ver øydela for salet under eit sommarting.
Kommunalt forbod mot giftarmål
I 1849 vedtok Selje kommunestyre eit forbod mot at fattige som var huslause og utan fast yrke kunne gifte seg. Dei som stilte som forlovarar til slike ekteskap, skulle ileggjast store bøter. Vedtaket var nok meint som eit tvangstiltak for å ”jage ut” fattigfolk frå bygdene.
Ved ordførarvalet i 1870 vart bonde Peder Ingebrigtson Sandvik vald til ordførar utan å vere kandidat.
I nedgangstidene kring 1930 var Selje kommune ein av dei kommunane i Sogn og Fjordane som fekk dei største vanskane.
|
Selje rådhus (t.v. ) vart bygd i 1966. |
Ved kommunereguleringa
(Schei-komitèen) 1964, vart Sørpollen, Osmundsvåg og Silda lagt til den nye storkommunen Vågsøy. (Sjå elles
Kommunehistoria i Vågsøy).