Også Borgundvåg, Eltvik, Honingsvåg, Drage, Hoddevik og Flatraket er registrerte som eigne skulekrinsar i 1891, men det er ikkje opplyst når dei første skulehusa der vart bygde. Seinare kome det også eigen skule på indre Fure.
Første skulestyret
I 1861 fekk Selje for første gong skulestyre (skolecommission). Det avvikla omgangsskulen i 1862. Kapellan Ulrik Koren, første formann i skulestyret, heldt sjølv kurs for nye lærarar. Han dreiv også gratis skule for unge gutar i prestegarden.
Ville innføre omgangsskulen att
I 1874 fekk den spare-ivrige ordføraren Sivert J. Berge Selje kommunestyre med på å vedta at ein skulle gå tilbake til den gamle omgangsskuleordninga fordi den var billegare enn fastskule! Stiftsdireksjonen nekta dei det.
Privatskule i Ervik
På 1930-talet dreiv bygdefolket i Ervik i 2-3 år privatskule for borna i bygda. Grunnen var at dei ikkje ville akseptere at den nye skulen i krinsen vart bygd på Ferstad nokre kilometer lengre aust.
|
Gamleskulen i Selje, Hove skule. |
Selje
I Selje vart det bygt kombinert skulestove og klokkarbustad i 1864. Knut Halvorsen , som vart lærar og klokkar i 1862, var den første i dåverande Selje kommune med lærareksamen.
I 1882 brann skulehuset på Hove ned og tre av klokkaborna brann inne. Nytt skulehus vart reist på dugnad. I 1926 vart det reist ny skule på Hove.
|
Kjøde skule - nedlagt i 1992. |
Kjøde
Kjøde krins fekk skulehus i 1880. Lærar Gregorius Kjøde forskotterte bygginga, og dette huset vart nytta til skule fram til 1950.
Stadlandet
Stadlandet fekk skulehus truleg ein gong på 1880-talet. Paula Eltvik var første kvinelege lærar i Selje kommune då ho vart tilsett i 1895.
|
Stadlandet skule. (Foto © Stadlandet skule) |
Refsnes
Ervik, Årvik og Morkadalkrinsane på Stadlandet fekk skulehus på Refsnes i 1888.
Nordstrand
Nordstranda fekk skulehus i 1893. Krinsen vart lagt ned midt på 1990-talet.
|
Stokkevåg skule vart lagt ned i 1992. |
Stokkevåg
Stokkevåg fekk skulehus i 1895, og nytt skulehus då det gamle brann i 1926.
Moldefjorden
Moldefjorden fekk det gamle skulehuset frå Refvik (Vågsøy) flytta dit som skulehus i 1900.
Nordpoll
Nordpoll fekk skulehus i 1905.
Barmen
Barmen fekk skulehus i 1915.
Eide
Eide fekk skulehus i 1917.
Sandvik
Sandvik fekk skulehus i 1918.
Årvik
Årvik fekk skulehus i 1925.
Ervik
Ervik fekk skulehus for småskulen i 1924.
Nynorsk frå 1914
Nynorsk vart gjennomført som undervisningsmål i Selje-skulane frå 1914 og utover til 1939 - den første krinsen med nynorsk var Hoddevik.
Selje Sløyd og Arbeidsskule
Selje Sløyd og Arbeidsskule vart skipa 1885 av prost Ludvig Strømme. Skulen vart driven etter mønster frå
Holmøy Arbeidsskule. Prosten bygde eige hus for skulen på prestegarden, men seinare var kursa ambulerande, også til Måløy og Osmundsvåg. Skulen vart nedlagt i 1909, men starta på nytt 1916 med elevar berre frå Selje kommune (storkommunen Selje vart ”frådelt” Vågsøy i 1910).
Skulestriden på 1960-talet
Skulestriden i Selje i 1960-åra var ein av dei bitraste skulestridar i heile landet i samband med omlegginga til 9-årig skule og ungdomsskule. Striden stod om dei eine ungdomsskulen skulle byggjast i Selje eller på Stadlandet. Striden førde med seg rettssaker mellom dei mest aktive avisdebattantane, og kyrkje- og undervisningsminister Kjell Bondevik reiste personleg til Selje for å mekle i striden.
Skulestriden enda med at kommunen fekk høve til å byggje to skular – ein i Selje og ein på Stadlandet.
|
Ytre Stad Grendaskule ligg mellom Refsnes og Ervika. |
Ny skule i Ervik
I Ervik vart det i 1998 bygd nytt skule- og samfunnsbygg, der bygdefolket, og særleg velståande fiskebåtreiarar i bygda ytte store økonomiske bidrag.
|
Moldestad skule vart lagt ned i 1992. |
Dagens skular:
Selje skule (1.-10. kl.) 211 elevar (i 2006)
Stadlandet skule (1.-10. kl.) 152 elevar
Flatraket skule (1.-7. kl.) 62 elevar
Ytre Stad Grendaskule (1.-7. kl.) 28 elevar.