Den eldste og raskaste måten å varsle ufred på i gamle dagar, var å tenne vetar. Vetane stod oftast på høge fjell med vidt utsyn.
Tidleg på 1800-talet vart det bygd ein Kystsignalstasjon på Stad.
Flyvarslingsstasjon
vart installert av Forsvaret på fjellet Hovden ved Ervik i 1932.
ANDRE VERDSKRIG:
Under 2. verdskrig bygde tyskarane store kystfestningar på Hovden ved Ervik og i Eltvik på Stadlandet.
Ved krigsutbrotet var det norsk vakt på den militære flyvarslingstasjonen på fjellet Hovden sørvest for Ervik. Den tyske festninga og kanonbatteria på Hovden vart bygde frå vinteren 1942-1943 og var stridsklare sommaren 1944.
Tyskarane nytta russiske krigsfangar til å byggje dei store festningsverka på fjellet Hovden ved Ervik.
Storeneset ligg sør for Eltvik på nordsida av Stadhalvøya. Her bygde tyskarane eit stort fort som dekte havstykket i Vanylsgapet nord for Stad og skulle sperre innløpet til Vanylvsfjorden.
Tyskarane starta først i 1942 utbygging av radaranlegg langs Norskekysten. Eit av dei første vart bygt på Kråkenes i Vågsøy i 1942, og i 1944 starta arbeidet med eit stort radaranlegg på fjellet Kjerringa på Stadlandet.
Hurtigruta D/S «Ryfylke» senka
Hurtigruteskipet D/S «Ryfylke» vart senka ved Stad 5. februar 1941 av ein britisk ubåt. Skipet var då på sin andre tur i hurtigruta. Passasjerar og mannskap fekk gå frå borde før skipet vart senka med kanoneld.
D/S «Sanct Svithun»-forliset utanfor Ervik på Stad den 30. september 1943 er ei av dei mest dramatiske hendingane på Norskekysten under 2. verdskrig.
Bombinga av «Emsland»
Lasteskipet «Emsland» vart i januar 1944 bomba utanfor Ervik. Skipet vart sett i land på Erviksanden. Det var lasta med kol som bygdefolket forsynte seg av. Ein kan framleis sjå vrakrestar etter Emsland på sanden.
På Hoddevik vart det torpederte lasteskipet ”Vesergau” også sett opp på Hoddeviksanden i 1943. Skipet var lasta med koks, som bygdefolket har hatt gleda av sidan!
Hurtigruta «Kong Sverre» forsøkt torpedert
Då hurtigsruteskipet «Sanct Svithun» var til oppussing i 1940, vart eit eldre hurtigsruteskip - D/S «Kong Haakon» - sett inn som avløysingsfarty. I 1941 beordra tyskarane at skipet skulle skifte namn til «Kong Sverre».
Hurtigruteskipet «Kong Sverre» var nær ved å verte senka av ein trippel torpedosalve då skipet var på veg nordover Stadhavet i mars 1944.
Hurtigruta «Nordnorge» senka ved Stad
Hurtigruteskipet D/S «Nordnorge» vart torpedert eller senka av ei mine ved Stad 24. mars 1944, og 11 av eit mannskap på 13 omkom. Skipet var eit ombygd svensk skip som var på veg nordover for å verte sett inn i ruta Trondheim-Narvik.
Soldatar miste livet
To tyske soldatar miste livet under minerydding på Stadlandet i juli 1945.