|
Lærdalsøyri i 1910. Det kvite bygget i midten er skulen, og til venstre for den ligg posthuset. Til høgre er Hauge kyrkje. (Foto © Fylkesarkivet) |
Det norske postverket, med faste postruter, vart organisert i 1647. Hovudruta for post mellom Oslo og Bergen gjekk frå den tid over Valdres-Filefjell-Lærdal-Gudvangen-Voss-Bergen.
Frå starten av
Årdal Koparverk i 1702, gjekk det postbod frå Lærdal til Årdal.
I Lærdal vart mange personar engasjerte som postførarar. På Lærdalsøyri var det gardbrukarane på Øye og Stødno som m.a. hadde arbeid som postroarar mellom Lærdal og Styvi i Nærøyfjorden og postfrakt oppover dalen. Når meinisen la seg i Nærøyfjorden, måtte posten bærast over fjellet til Dyrdal før ein kunne ro til Lærdal. Oppover dalen og over Filefjellet var det "postskifte" med postryttarar på Ljøsne, Eråker/Bjåråker, Borlaug, Maristova og Nystova til Øye på austsida i Valdres.
I 1837 vart det tilsett væpna postførarar i staden for den gamle ordninga med postbønder.
Jernbanen vart bygd fram til innsjøen Krøderen i 1860, og derfrå gjekk ferdsla med dampskip opp vatnet til Hallingdal. Dermed vart det enklare å føre posten mellom Oslo og Bergen over Hemsedalsfjellet, og Filefjell -Valdresruta lagd ned som hovudpostrute. Men hovudruta for posten mellom Aust- og Vestlandet gjekk gjennom Lærdal heilt til Bergensbanen opna i 1909.
Første postopneriet på Lærdalsøyri kom i 1846 - frå 1890 omgjort til postkontor. Lærdal var hovudpostkontor for Sogn fram til 2. verdskrig, og administrerte 88 postopneri, 21 brevhus og 67 landpostruter.
Frå 1920-talet tok eit eige postbilselskap seg av posttransporten over fjellet.