Grunnen til at Lærdal kom så tidleg med, var at det vart bygd to telegrafliner som skulle knyte dei tre store byane i Sør-Noreg saman: Ei gjekk frå Oslo til Trondheim opp Gudbrandsdalen. Frå Lillehammer vart Bergen knytt til "stamnettet" med ei line Lillehammer-Valdres-Lærdal-Aurland-Voss-Bergen. (Dovre vart knutepunkt for samband til dei 3 Møre-byane).
Framleis spor
Byggearbeidet i Lærdal vart leia av A. Hennum. Framleis kan ein sjå stolpekara etter den første telegraflina på fjellet mellom Erdal og Aurland (den ein ser frå vegen er ei nyare line frå 1876). Dei første telegrafstolpane hadde den einslege strengen festa til ein isolator på stolpetoppen, og dei uimpregnerte stolpane vart herda i rota med blåstein for ikkje å rotne.
|
Stolpeskuret i Horndalen er teke vare på av Norsk Telemuseum. Foto: Hans H. Thyri |
Attåtnæring som telegrambod
Den første styraren for telegrafstasjonen på Lærdalsøyri var Christian Hiorth Stabell (f. 1832). Han var styrar til 1876, og hadde også ein telegrafist i teneste. Dei første åra dreiv mange lærdøler attåtnæring som telegrambod. Ofte måtte dei ro heilt til Kaupanger med telegram. I 1876 vart Mons Olsen fast tilsett som bod og lineoppsynsmann, og frå 1902 tok sonen Ove Wangensten over fram til 1936. Langs telegraflina Valdres-Voss vart det tilsett 15 oppsynsmenn som vart administrerte frå Lærdal.
Oppsyn med linene
På garden Kvigno øvst i Erdalen hadde brukarane i nær på 100 år ansvaret for oppsyn med telegraflinene over fjellet til Aurland. Frå 1945 vart det også drive pensjonat på garden, og i 1946 vart huset utvida til å ta imot 11 gjester. Mangel på elektrisk straum gjorde at pensjonatdrifta vart lagd ned etter få år.
Utbygginga av telegrafen gjekk med eksplosiv fart, og i 1861 fekk fiskeværa Rognaldsvåg, Fanøyvågen og Florø såkalla "fiskeritelegraf" i sildesesongen (sjå "
Fiskeritelegrafen varsla sild").
Ny line i 1876
|
Johannes Kleppe sitt lag måler pilhøgde i telegrafstolpe ved Borgund i 1937. F.v.: Erlend Skjerven frå Vik, telegrafelev Margit Gjervik og Ludvik Nistad frå Fjaler. (Foto © Fylkesarkivet) |
Telegraflina frå 1858 over fjellet til Aurland var utsett for uver, og i 1876 vart et bygd ny line. Stolpekara etter denne ligg tett ved fjellvegen. Linearbeidarar vart kalla "graffarar". Mange av graffarane som arbeidde på lina Lærdal - Aurland kom frå Gulen, der det kring Dalsøyra utvikla seg eit miljø for dette yrket. Tilsvarande "graffar-miljø" finn vi i Kjølsdalen i Nordfjord (sjå "
Graffarar").
Telefonliner vart bygde over Filefjell i 1895, og i 1896 var heile dalføret knytt til telefonnettet. M.a. fekk alle skysstasjonane installert telefon. Lærdal fekk kontroll- og driftsansvaret for telefonnettet i indre Sogn t.o.m. Balestrand og Vik, og hadde på det meste 70 lokalstasjonar under seg.
Norsk Telemuseum
Telefonstasjonen i Lærdal vart automatisert i 1978, og Televerket (seinare Telenor) har sidan hatt Nummeropplysningssentralen sin plassert i Lærdal. Norsk Telemuseum vart opna på Lærdalsøyri i 1997 i den gamle telegrafbygningen i sentrum. Der held også postmuseet og Gjesme-galleriet til (sjå "
Gamle bygningar i Lærdal").