|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Lærdal: Kapteinsgarden på Ljøsne | Kapteinsgarden på Ljøsne. (Foto: Ole Fretheim © Vest Vision) |
Kapteinsgarden ligg på ei høg sandreine like ved E6 på Lysne, og har spela ein sentral rolle i historia om laksefisket i Lærdalselvi. Publisert 23.01.2002 10:05. Oppdatert 31.01.2002 11:30.Lærdalskompaniet vart skipa i 1801, og garden på Lysne vart offisersgard då kompanisjefen Amund Wiegh flytta dit i 1825. Han budde der i 5 år. Det som no er hovudhuset vart bygd i 1825. Garden var offisersgard fram til 1865, då den vart seld til Jon Knudson Bø (1823-1901) som hadde pakta garden i nokre år. Han flytta dei fleste husa frå det gamle tunet, men let stovebygningen stå. Denne leigde han ut til engelske sportsfiskarar, og i 1876 vart huset seld til den engelske sportsfiskaren John C. Musters. Han hadde leigd store fiskerettar i Lærdalselvi, og jamvel kjøpt gardar for å få tak i fiskeretten. Han utvida og bygde om huset på Kapteinsgarden, og rundt huset bygde han ein stor veranda i typisk britisk "colonial style".
Lakselorden prylte tenaraneI 1891 kjøpte Viscount, lord Edward William C. Berkeley Portman eigedomen og alle dei eksklusive fiskerettane. Han leigde ut garden og fisket når han sjølv ikkje fiska. Portmann var ein autoritær eigar som kunne pryle tenarane på Lysne med lærpisk dersom dei ikkje lydde raskt nok. Etter Portman finst ei stor samling fiskeutstyr i eit museum på garden.
Norske shippingfolk tek overI 1922 selde Portmann Kapteinsgarden med alt innbu til skipsreiar Jørgen B. Stang (1874-1950) frå Oslo. Han hadde fiska i Lærdal sidan 1903 og budd på garden Øye. I 1950 overtok dottera til Stang, Heddy Astrup (1904-1978) og mannen Nils Astrup (1901-1972). Idag er Kapteinsgarden eigd av skipsmeklar Hans Rasmus Astrup (f. 1939), som m. a. er kjend som grunnleggjar av Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst i Oslo i 1993.
Heilt sidan Kapteinsgarden kom på norske hender i 1922, har det m. a. vorte samla ei mengd gamle tømmerhus frå Lærdal på tunet. Kong Harald som har fiska i Lærdalselva sidan 1953, har budd mykje på Kapteinsgarden under opphalda.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|