|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Jordbrukshistoria i Lærdal: Vatningsveiter og gjødseltranport | I småveitene på åkrane var det nytta "avskjær" - ein trekanta trespade - til å styre vatnet. (Foto: Ole Fretheim © Vest Vision) |
Indre Sogn er mellom dei mest nedbørsfattige landskap i landet. Frå gamal tid har difor jordbruket vore avhengig av kunstig vatning. Vatningsanlegg og vatningsveiter vart bygde så langt vest som til Vik og Leikanger. Publisert 24.01.2002 13:16. Oppdatert 31.01.2002 11:59.I Lærdal vart det bygd fleire mil med vatningsveiter langs fjellfoten. Som ei takrenne samla dei opp vatnet frå elvar og bekkar. Med eit sinnrikt fordelingssystem vart vatnet fløytt utover åkrane. I småveitene på åkrane vart det nytta såkalla "avskjær" - ein trekanta spade som stengde for vatnet og styrde det til dei furene ein ynskte. Tida for vatning var nøye avtalt mellom bruka, slik at alle fekk sin "rasjon".
På Ljøsne var det vatningsveiter i to nivå, tilpassa den høgda som vatnet skulle førast på åkrane. Her er fleire hundre meter vatningsveit restaurert og teken vare på som kulturminne. Også på Hauge er det framleis tydelege merke etter veiter.
Fleire stader i høgfjellet finn ein merke etter veiter som samla vatn til elvar som rann ned til gardane. I Borgund fanst også damanlegg til dette vatningssytemet. Vatningsveiter vart frå 1950-talet avløyste av moderne trykkvatningsanlegg.
Fjellbekken som gjødseltransportørFjellbekkane vart elles brukte som ein praktisk måte å frakte den dyrebare husdyrgjødsla frå setra og ned til gardane på: Husdyrmøkka på setervollen vart samla saman og kasta ut i næraste fjellbekk som rann til garden nede i dalen. Her nede vart vatnet med den ferdig blanda "gylla" leia med demningar, veiter og avskjær ut på åker og eng.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|