|
Vegen mellom Byrkjelo og Jølster. (Foto: Arild Nybø © 2001) |
Vegen gjennom Våtedalen frå Jølster avløyste den gamle ”postvegen” over Breimsvatnet til Re, og no var det Byrkjelo som utfordra Re som bygdesenter i Breim. Det utvikla seg snøgt til ein kappestrid om det meste (sjå "
Meieristrid og bygdespenningar"). Straks vegen gjennom Våtedalen var opna, kom kravet om ny veg til avløysing av postvegen over Utvikfjellet til Utvik. Men bilvegen Byrkjelo–Utvik kom først i 1934.
Næringsliv
Frå 1890 grodde det opp fleire landhandlarar, bakeri og handverksbedrifter kring vegkrysset. Jørgen Grønfur bygde hotell, som handelsmannen Kristen Kleppe seinare overtok. Dette hotellhuset vart rive og flytta til Stardalen på 1930-talet.
Breim Meieri vart bygd i 1896 av Breim Landboeforening, og heilt fram til dei vart rivne i 1988 har meieribygningane vore eit dominerande innslag i bygdesenteret.
Ved elva bygde
Gabriel L. Bjørnereim sagbruk og krutfabrikk(!) i 1903.
Då han gjekk konkurs, overtok Anton Felde Heimdal drifta av saga. Eit større sagbruk vart bygd i 1939 av Johan Strand –Nymo Bruk. Her var det også snikkarverkstad og produksjon av vogner. I 1982 kom også eit høvleri.
Urheim Mølle, bygd i 1930, var bygdemølle for Innvik, Utvik, Jølster og Breim. Den brann i 1936, men vart bygd opp att. Både Urheim Mølle og Nymo Bruk hadde eigne kraftverk. Desse kraftverka leverte også straum til næraste grannelaget.
Breim Handelslag opna butikk på Byrkjelo 1920. Dagens forretningsbygg vart reist i 1989.
I 1946 starta Johan Bjørnereim bilverkstad, og denne bedrifta har sidan vorte bygd ut med stor bensinstasjon.
Toralv Hjelle bygde hotellet Gjesteheimen, og like bortanfor kom Byrkjelo Kafè og Pensjonat.
Folkebad og idrettsanlegg
I 1912 fekk Byrkjelo eige folkebad – eit fenomen som på den tid berre fanst i byane. Badet hadde dusjar, badstu og omkledningsrom, og var i drift til 1953. Ungdomshuset
”Breidarheim” vart bygd i 1934, og like ved vart idrettsplassen bygd i 1954. Kring 1980 vart det lagt kunstdekke på løpebana og bygd klubbhus og tribuner, og idrettsplassen har i mange år vore arena for den internasjonale idrettstevlinga ”Byrkjelo Games”, og i 2000 for NM i friidrett.
|
Byrkjelo Games i 1993. (Foto: Asle Veien, NRK) |