Før 1870 var mest all skule i Solund organisert som omgangsskule. I byrjinga var Utvær skipreide organisert i ein indre og ein ytre skulekrins, med berre ein lærar i kvar.
|
Skulehuset på Tangenes kring 1915. (Foto © Fylkesarkivet) |
I den ytre krinsen kom Torkjel Jensen Grytten som lærar i 1822, og var lærar i 50 år. 1833 er det registrert 204 skulepliktige born i dåverande Utvær kommune. Heilt fram til 1893 høyrde søre luten av noverande Solund kommune under Eivindvik skulekommune (sjå "
Kommunehistorikken i Solund"). I 1853 vert det nemnt at det er tre skulekrinsar i denne delen av noverande Solund: Ein for ytre Solund, ein for Indrevær, og ein for indre Solund.
Fastskule avløyste gradvis omgangsskulen frå 1844, då den første fastskulen kom i Indrevær. Hardbakke fekk fastskule i 1870. Hersvik fekk fastskule i 1874.
Fram til 1900 auka talet på krinsar sterkt, og var heilt oppe i 17. Det mest vanlege talet var 14 skulekrinsar.
Men i 1897 var det berre kommunale skulehus i Hardbakke og Hersvik. Elles heldt 9 til i leigde, faste skulelokale, og 3 krinsar hadde framleis omgangsskule. I 1897 kom det tredje faste skulehuset, på Gylta.
I 1962 var det framleis 16 skulekrinsar i Solund, og då øya Losna ved kommune-reguleringa i 1965 vart lagt til, kom ein opp i tilsaman 17 skulekrinsar.
Men utover på 1960-talet starta skulesentraliseringa. I 2002 har heile Solund kommune berre to skulekrinsar att.
Overgang til nynorsk skulemål
Den første skulekrinsen la om til nynorsk skulemål i 1906, og alle skulekrinsane hadde gått over til nynorsk i 1920.
Framhaldsskule og ungdomsskule
Solund kommmune var mellom dei første i fylket til å bygge ut 9-årig ungdomsskule. Som ei startordning, vart det frå 1961 sett i gang linedelt framhaldsskule på Hardbakke.
|
Hardbakke skule har omlag 100 elevar. (Foto: D.H.Kvammen Andersen, NRK) |
Nye Hardbakke skule med ungdomsskule vart opna i 1966. Kommunen bygde elevpensjonat for ungdomsskuleelevar som ikkje kunne reise til og frå med skulerute. I kombinasjon med elevpensjonatet vart det drive vanleg pensjonat i bygget. Etter at ordninga med elevpensjonat vart avvikla, vart Solund Pensjonat drive som vanleg pensjonat, og heiter frå 2002 Hardbakke Gjestehus.
Dagens skular:
(Tal frå 2001)
Hardbakke skule 1.-10. klasse - 106 elevar
Ytre Solund skule 1.-7. klasse - 21 elevar