|
Hotell Central på Visnes vart bygt då turistskipa tok i bruk fjordane. (Foto: Terje Dahle, NRK) |
Ein ny æra opna seg med det første ”flytande hotellet” – turistskipet ”Midnight Sun” i 1894. No vart turistane sette på land i Olden, Loen eller på Visnes i Stryn, og Faleide kom i bakleksa.
|
Turistskip i Olden. |
Denne utviklinga vart forsterka av at den nye turistvegen over Strynefjellet (
Strynefjellsvegen) vart opna 1894, slik at turistane kunne starte på Visnes for såkalla ”overland-turar” – til Ottadalen, Geiranger, eller over Hornindal til Sunnmørsfjordane.
Sjå også:
·
Vegar i Stryn.
|
"King Oscars Hall" på Hotell Central fekk namnet etter at Oscar II overnatta der i 1896. (Foto: Terje Dahle, NRK) |
No vart det også bygd hotell på Hjelle i Oppstryn (
Hjelle Hotell 1894) og på Videsæter (
Videsæter Hotell 1903). Alle hotella frå denne perioden vart bygde i sveitsarstil. Det flottaste av dei alle var Hotell Central ved dampskipskaia på Visnes, som
Olai Tenden bygde i 1894, fordi han forsto at hotellet på Faleide var hamne i bakevja. Han rekna også med at Visnes ville bli innfallporten til Loen og Olden. Men i 1909 slo nyevegen Stryn–Loen på nytt beina unna Olai Tendens storhotell: Turistane reiste no direkte til Loen, og stoppa ikkje på Visnes. No hadde sonen
Peter Tenden teke over, og i 1914 selde han den praktfulle bygningen til fylket, som sidan brukte Hotell Central til husmorskule (sjå
Tendens Hotell og Central Hotell og "
Husmorskulen i Stryn").
I Loen og Olden blomstra derimot
Alexandra Hotell og
Yris Hotell, og voks seg på få år inn blant dei største og mest luksuriøse turisthotella i landsdelen.
Sjå hotell og serveringsstader under:
·
Reiselivsbedrifter i Stryn.