Rike fornfunn viser at bygda har vore busett frå steinalderen, og var tidleg ei av dei viktige jordbruksbygdene på Vestlandet. Både på Njøs, Henjum, Røysum, Husabø og Hamre er det gjort funn som viser at det budde hovdingar og storbønder i bygda i folkevandringstida og vikingtida.
Husabø er den sentrale garden på Leikanger, og omfattar områda kring den gamle middelalderkyrkja og Baldershagen.
- om offersteinen i utmarka ved garden Kvålen, og offersteinane på Hamre.
Segna om Kvinnefossen
Kvinnefossen er den store fossen som bløyter riksvegen mellom Eitorn og Supphammar. Fossen har eit fall på 120 meter og er verna.
Segna fortel om ei budeie som ramla utfor fossen med ein holk på ryggen og drap seg. Budeia "syner seg" av og til i fossen: Ved spesiell vassføring kan ein med litt fantasi sjå silhuetten av ei kvinne i fossestryket rett før det renn ut i fjorden. Holken har ho framleis på ryggen!
- med staur og kniv som drapsvåpen.
I gamle dagar kunne fjordfolket ofte dra milevis avgarde for å sanke høy og lauvris til krøtera.
På garden Henjum låg i gamal tid eit av dei største klyngetuna i Sogn og Fjordane. Ved utskiftinga i 1865 vart det talt over 100 hus i tunet, fordelt på åtte bruk.
- det var strandsitjarar på Njøsasanden, Henjasanden og Husabøsanden.
Garden Nybø er skilt ut frå Henjum-gardane, og fekk gardsnamnet i 1819. På 1700-talet budde folk frå den styrtrike Leganger-slekta på garden.
Her vart det bygt ein staseleg embetsbustad for "skrivaren".
Knapt noko tre på Vestlandet viser så godt att i terrenget som den mektige "Skrivareiki" på sorenskrivargarden på Systrond.
Adels-ætta folk på Hamre
Frå slutten av 1500-talet budde det folk frå den norske adelsætta Blystakk på indre Hamre. Den første var Oluff Blystakk som var leigleding på garden 1597-1622. Han åtte elles gardane Loftenes i Sogndal, Tokvam og Otternes i Aurland. Kring Hamre leigde Blystakk etter kvart mykje jord.
Sogne-futen budde på Halland
I 1781 vart Joachim Scweder Bang (1746-1826) fut i Sogn og busette i 1796 på garden Halland på Systrond. Seinare flytta han til nytt fute-embete på Ringerike. (Truleg var Bang på den tida fut for indre Sogn. Sogn var periodevis samla under ein fut, i andre periodar delt mellom ein fut for indre og ein for ytre. Sjå elles om futeseta Målsnes, Flesje og Askelund under:
Futegardar i Sogn og Fjordane.
Nagel-slektning eigde Njøs
Hans Johan Nagel (1834-1912) var såkalla proprietær - dvs. stor jordeigar - på garden Njøs frå 1875. Han kom frå den kjende fute-slekta Nagel i Sunnfjord, som du kan lese meir om under
Svanøy-godset og:
Storgarden Tysse. På Njøs vart denne garden kalla for Nagelgarden. I 1922 vart den innlemma i Statens forsøksgard for frukt på Njøs.