På Hermansverk budde det tidleg på 1900-talet ein kar som var kjend for å stoppe blod.
Distriktslegetenesta
Distriktslegetenesta i Sogn og Fjordane vart organisert i 1802. Den eine distriktslegen som skulle tene heile fylket, hadde tilhald på Faleide i Stryn!
Først i 1836 vart fylket delt, og Sogn fekk sin første distriktslege. Men Leikanger fekk ikkje sin eigen distriktslege før i 1915.
Tokbakksfråhaldslag på Eitorn
Kampen mot alholholmisbruket førte til at det vart skipa fråhaldslag og -losjar i dei fleste bygder på slutten av 1800-talet.
Men det var også andre nytingsmiddel som møtte organisert motstand på den tida. Såleis vart det i 1890-åra skipa eit tobakksfråhaldslag i Eitorn. Sjå også:
Tobakk-avholdsforeninga i Gloppen..
For å betre reinsemda mellom folk, starta Eitorn Ungdomslag (skipa i 1894), arbeidet med å få bygt ei badstove i grenda.
Frå 1928 og til midt på 1930-talet var fylket splitta i ein oppheta sjukehusstrid. For Sogne-bygdene var det på tale å byggje ut to sjukehus i Høyanger og Lærdal, eller berre eitt på Leikanger.
Sjukeheim/aldersheim
Arbeidet med å få bygt aldersheim vart teke opp på 1950-talet. Sokneprest Sverre Daae var ein pådrivar, og bygget vart reist i Hatlebakkane på prestegarden i 1962. På 1970-talet vart den utvida med sjukeheim, der fylkeskommunen først var eigar, men som kommunen seinare overtok.
Ny stor alders- og sjukeheim vart bygt på Leikanger i 2002/2003.