|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næringsliv i Gaular: Airlift AS | Airlift flyg for Norsk Luftambulanse. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Helikopterselskapet Airlift AS vart grunnlagt av Torbjørn Lie i 1986 og er den største arbeidsplassen i Gaular kommune, og eit av dei største helikopterselskapa i Norden. Selskapet har i 2002 kring 150 tilsette, inklusive dotterselskapa. Publisert 26.09.2001 11:01. Oppdatert 22.03.2007 09:38.LYD OG VIDEO
| Hangar på hovudbasen. (Foto: NRK) |
Etter ein kort startperiode på den gamle flyplassen på Øyrane i Førde, vart basen flytta til Førde Lufthamn, Bringeland i 1988, der selskapet har hatt administrasjon og hovudbase sidan. I tillegg har Airlift basar i Kinsarvik i Hardanger og på Svalbard, der selskapet har hatt flyging for Sysselmannen på Svalbard sidan 1996.
| Helikopterbasen på Svalbard. |
Airlift har m.a. hatt helikopterambulanse-tenesta over store deler av Sør-Noreg. I 1996 omkom fire personar då eit ambulansehelikopter frå selskapet kolliderte med ei kraftleidning i Vevring (sjå " Ulukker i Naustdal").
| Kalking av sure vassdrag med helikopter frå Airlift. (Foto: NRK) |
Airlift kjøpte i 2001 Helikopterservice AB i Helsingborg, Sverige, og i 2002 helikopterselskapet Ostermann Helicopter, Gøteborg. Med dotterselskap disponerte Airlift i 2002 26 maskiner. Ostermann Helikopter AB vart seld ut att frå konsernet i 2005.
Reitan & Co hovudaksjonærEtter fleire eigarskifte, var det selskapet Helicopter Transportation Group (HTG) som eigde alle aksjane i 2002. I 2006 sikra investeringsselskapet Reitan & Co. i Oslo seg kontroll ved å kjøpe 60 prosent av aksjane.
I 2006 har Airlift-konsernet ei omsetning på kring 210 millionar kroner.
| Airlift sin hovudbase ligg på Bringeland. (Foto: NRK) |
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|