Selskabet for de norske Fiskeries Fremme”
Den første organiseringa av norske fiskeriinteresser skjedde då "Selskabet for de norske Fiskeries Fremme” vart skipa i 1879 med hovudkontor i Bergen. Opptaket til laget var teke av borgarar i Bergen, og det fekk alt året etter eigne lokalforeningar i Stavanger, Florø, Kristiansund og Trondheim. Foreninga i Florø heitte ”Florø Fiskeriselskab”.
Frå kystfiske til havfiske
Desse foreningane arbeidde for å spreie kunnskap om nye fiskemetodar, og ytte tilskot til dei som m.a. ville freiste seg på bank- og havfiske som på denne tida var kjent frå andre Nordsjø-land, men svært lite utnytta i Noreg.
Pionérar på dette havfisket i Noreg var sunnmøringane som alt på 1600-talet hadde våga seg ut på fiske på Storegga i spinkle åttringar. Fisket på Storegga fekk eit oppsving frå 1861, då to svenskar frå Bohuslän dreiv fiske der med havgåande seglskøyter. Dei lossa store fangstar i Ålesund, og lokale fiskarar tok etter: I 1885 gjekk det første norske fiskedampskipet, ”Activ”, ut på fangst frå heimehamn i Ålesund. Det er etter dette skipet at fiskebanken Aktivneset ved Stad er oppkalla.
I 1880 sende Florø Fiskeriselskab seks unge fiskarar til Maassluis i Nederland for å få opplæring i drivgarnfiske til havs, og same året drog 35 menn til britiske fiskerihamner i same ærend. Her lærte dei seg at havfiske først og fremst var tungt slit med lite svevn – men med god forteneste.
Første havfiskeforsøk ved Kinn?
Alt i 1876 hadde nokre menn frå Kinn med proprietær H. Lass i spissen, gjort primitive forsøk med bankfiske etter vårtorsk utanfor Kinn og Batalden, og i 1883 søkte ”Florø Aktieselskab for Havfiske” om tilskot frå Selskabet for norske Fiskeriers Fremme til å starte bankfiske og drivgarnfiske. Dei fekk avslag fordi det ikkje fanst kapital. Bakteppet for denne søknaden var nedgangstida og armoda som rådde i Florø i desse åra, og mislukka forsøk frå Florø-kjøpmenn på å få innpass i fiskeria på Island og i Nord-Noreg.
Måløy først med fiskedampskip
I 1899 vart det første fiskedampskipet til Sogn og Fjordane levert til Måløy-reiarlaget
Lefdals fiskeriselskap. Skipet heitte ”Egil” og var bygd ved Kristiansand Mek. Verksted, slik dei fleste av fiskedampskipa som vart leverte til Vestlandet var. ”Egil” var 75 fot lang, og gjorde 8,5 mils fart. I 1899 kjøpte også fiskeeripionéren
Ulf Lem i Måløy fiskedampskipet ”Ruth”. Han hadde alt i 1885 starta banklinefiske med ei seglskøyte, og var nok den første i Nordfjord som freista seg på dette havfisket.
Det første fiskedampskipet for havfiske som kom til Florø, var ”Haveggen” som vart bygd i år 1900. Året etter føya ”Havsulen” og ”Havørnen” seg til fiskedampskipsflåten i Florø.
|
DS Batalder, eitt av fiskedampskipa som kom rett etter 1900. Eigar AS Batalden Havfiskeselskap |
20 fiskedampskip
Flåten av moderne fiskedampskip vaks sterkt i Sogn og Fjordane i åra fram til 1910.
Det statlege Havfiskefondet som vart skipa i 1900 for å fremje utviklinga av moderne havfiske, hadde mykje å seie for denne utviklinga. Fleire av fiskedampskipa som kom til fylket i åra etter, fekk opp til 20.000–25.000 kroner i lån frå Havfiskefondet.
Mellom 1907 og 1910 var det registrert i alt 20 fiskedampskip i fylket (ver merksam på at mange av desse skipa var eigde av aksjelag, sjølv om dei her berre er førde opp under registrert reiar):
Namn Byggjeår Heimehamn Reiar
Ruth 1899 Måløy Ulf Lem
Egil 1899 Måløy L.P. Lefdal
Haveggen 1900 Florø Abraham Haave
Havsulen 1901 Florø A. Vasbotten jr.
Havørnen 1901 Florø Abraham Haave
Gohald 1902 Solund Jan Hess
Nesodden 1902 Florø Abraham Haave
Sjøfuglen 1902 Florø K.J. Nygaard
Skallagrim 1902 Måløy J. Lefdal
Skjold 1902 Nordfjord A/S Nordthun
Solundir 1902 Askvoll Mathias Gilsvik
Olga 1902 Solund Jan Hess
Alden 1907 Askvoll? G. Stavestrand
Batalder 1903 Florø Samson O. Batalden
Bjørnulf 1907 Måløy Ulf Lem
Bremanger 1903 Kalvåg J. Lieske
Grane 1906 Florø Elias A. Olsen m.fl.
Odin 1906 Florø Elias A. Olsen
Thorulf 1907 Måløy J. Lefdal
Høvding 1908 Florø Thor Bjørlykke
Det vart denne ”industrialiserte” fiskeflåten med moderne fiskedampskip og talrikt mannskap som førde til den første organiseringa mellom fiskarar – sjå Sogn og Fjordane Fiskarlag.