SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Hjelp - generelt


Publisert 02.01.2002 09:57. Oppdatert 20.10.2005 14:50.
SPØRSMÅL:

Kan vi få peikar frå Fylkesleksikonet til vår eigen nettstad?

SVAR:
Nei, vi legg ikkje peikarar til eksterne sider frå Fylkesleksikonet.

SPØRSMÅL:

Kan vi få kjøpe bannerannonser i Fylkesleksikonet?

SVAR: Nei, vi sel ikkje annonser. Dei bannera som står i venstrekolonna tilhøyrer hovedsponsorane som har vore med på å finansiere heile leksikonet.

SPØRSMÅL:

Kan vi sende dykk eigne bilete til artiklar i Fylkesleksikonet?

SVAR: Ja, dersom du sjølv eig rettane til eit bilete, og vil låne det ut til oss, så vil vi gjerne vurdere å bruke det til å illustrere ein artikkel. Vi tek gjerne i mot gode bilete av personar, stader, emne, lag eller bedrifter som er omtala i Fylkesleksikonet. Frå bedrifter vil vi gjerne ha bilete frå produksjonen og/eller sjølve lokalet. Vi vil ikkje ha reine reklamebilete med påtrykt logo eller slagord, og ikkje bilete der arbeidarane står oppstilt. Det kan hende vi må beskjære biletet. Innsende bilete blir normalt ikkje honorert, men fotograf og eigar av rettane vil bli kreditert under biletet. Adressa du kan nytte er: vegar.erstad@nrk.no. Postadressa finn du her: Kontakt.

SPØRSMÅL:

Kvifor kjem det av og til fram blanke sider i Fylkesleksikonet?

SVAR: Det skuldast ein feil i peikaren. Finn du feil vil vi svært gjerne ha tilbakemelding. Send meldinga til vegar.erstad@nrk.no og skriv kvar du fann feilen og korleis han oppsto.

SPØRSMÅL:

Eg får ikkje til å spele av videoar eller lydkutt i Fylkesleksikonet.

SVAR: Les sida: "Hjelp - lyd/video" og sjå om du kan få hjelp der.

SPØRSMÅL:

Kvifor får eg treff på andre nettstader i NRK når eg søkjer i Fylkesleksikonet?

SVAR: Berre når du brukar søkeboksen under kartet i Fylkesleksikonet vert søket avgrensa til leksikonet. For avanserte søk, sjå: Rettleiing for søkemotoren.

SPØRSMÅL:

Kven kan eg kontakte når eg finn peikarar som ikkje virkar eller andre tekniske feil i Fylkesleksikonet?

SVAR: Ta kontakt med internettansvarleg for Fylkesleksikonet, Vegar Erstad, på: vegar.erstad@nrk.no.

SPØRSMÅL:

Kven kan eg kontakte når eg finn manglar eller feil i teksten?

SVAR: Då kan du kontakte redaktør for Fylkesleksikonet, Ottar Starheim, på: ottar.starheim@nrk.no.

SPØRSMÅL:

Korleis avgjer de kva som skal bli omtala på eiga side, og kva som skal bli illustrert med bilete?

SVAR: Det er praktiske omsyn i redigeringa av nettstaden som avgjer om ein omtale kjem på eiga side med eigen tittel, t.d. om det er mange peikarar til denne omtalen frå andre sider, eller om omtalen er lang. M.a.o. har dette ingenting å gjere med kor viktig denne omtalen er. Det same gjeld bruk av bilete: Store bilete nyttar vi når kvaliteten på originalbiletet er god nok, og om det er plass på sida. Storleiken på bilete har ingenting å gjere med kor viktig det der. Kjem vi over eit bilete med god kvalitet vil vi oppdatere sida med det nye biletet ved eit seinare høve. Manglar det illustrasjon på ein omtale, så kjem det av at vi ikkje har funne eit høvande bilete i arkivet vårt eller hjå Fylkesarkivet. (Sjå spørsmål oppe på sida: "Kan vi sende dykk eigne bilete til artiklar i Fylkesleksikonet?").


Har du ikkje funne svara du treng på denne sida kan vi vonaleg hjelpe deg på følgjande sider:

· Hjelp - lyd/video
· Hjelp - søk


SE OGSÅ
LENKER

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no