Kjøtet vart salta og seld i tønner til marknaden i Oslo og Bergen. Men overproduksjon, rovdyrplage og krypskyting gjorde at dei fleste som satsa i den fyrste "bylgja" på 1840-talet gav seg raskt, og i 1855 rapporterer amtmannen at dei fleste tamreinlaga er avvikla.
I Årdals-fjella har det gjennom åra vore 7 tamreinlag: Årdal Reinlag som dreiv frå 1846 til 1853. Knipenborg Reinselskap 1895 - ca. 1897. Jotunheimen Reinselskap 1900-1918. Nystuen Tamreinslag 1926-1937. Breikvam Reinselskap 1944-1947, Nesdalen Tamreinselskap 1940-1947 og Vest-Jotunheimen Tamreinlag 1951-1960. I tillegg dreiv
ein del andre tamreinlag i mindre målestokk over kortare tid.
Det første tamreinslaget i Årdal fekk også med seg godseigar Knagenhjelm i Kaupanger som aksjonær. Avlsdyra vart kjøpte i Hardanger, og drivne over fjella heilt til Årdal.
Konfliktar mellom villrein og tamrein
Det varde ikkje lenge før det vart konflikter mellom villrein og tamrein. Villrein blanda seg med tamreinen. Når villreinen vart skremd og rømde, drog den tamreinen med seg. Reingjetarane starta difor nedskyting av villrein. Den naturlege villreinstammen vart sterkt redusert, og styresmaktene sette difor totalforbod mot reinsjakt frå 1902 til 1906. Frå 1908 kom m.a. reglar som sette forbod mot bruk av magasinvåpen under reinsjakta, og kommunane tilsette jaktoppsyn.
Konfliktane mellom tamrein- og villreininteresser loga opp att då reinsamen Jon Jonassen på 1970-1980-talet fekk leige store fjellområde mellom Årdal og Filefjell for tamreindrift. Han hadde samle- og slakteplass på Sletterust. Etter fleire rettssaker gav Jonassen opp og slakta ned reinflokken.